Hitra prestegjeld: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
 
Linje 23: Linje 23:
* [[Frøya prestegjeld]]
* [[Frøya prestegjeld]]


[[kategori:Nidaros bispedømme]]
[[Kategori:Nidaros bispedømme]]
[[Kategori:Prestegjeld]]
[[Kategori:Prestegjeld]]
[[Kategori:Hitra kommune]]
[[Kategori:Hitra kommune]]
[[Kategori:Frøya kommune]]
[[Kategori:Frøya kommune]]
{{nn}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 16. nov. 2023 kl. 13:17

Kart over Sør-Trøndelag fylke som viser kvar Hitra prestegjeld slik det var fram til tidleg på 1800-talet.

Hitra prestegjeld var eit prestegjeld under Orkdal prosti i Nidaros bispedømme. Prestegjeldet svara til Hitra kommune i det gamle Fosen futedømme, men fram til 1876 inkluderte prestegjeldet noverande Frøya kommune òg. Det var ved avviklinga av prestegjelda i 2000-åra fire sokn i Hitra prestegjeld: Hitra, Fillan, Kvenvær og Sandstad.

Prestegjeldet er nemnd i 1589, og hadde då sju kyrkjer. Dolm kyrkje var hovudkyrkje, og vart saman med annekskyrkjene Ulvan, Sula, Titran og Kvenværet betent av soknepresten og ein kapellan. Dei to siste kyrkjene, St. Margretekyrkja i Hemne og St. Andreaskyrkja i Vinje, vart betent av ein residerande kapellan med bustad i Hemne.

I 1765 vart Hemne og Vinje prestegjeld utskilt frå Hitra. Frøya prestegjeld vart oppretta i 1876, og samstundes vart garden Kvamman overført frå Kvenvær til Fillan. Eit nytt kapellsokn, Innhitra, vart oppretta i 1887. Dette vart i 1890 oppgradert til Sandstad sokn. I 1900 vart Fjellværøya kapell i Fillan sokn reist. I Kvenvær sokn vart det reist ny kyrkje frå 1908, og då den var ferdig vart gamlekyrkja lagt ned som soknekyrkje. Den vart reven og attoppført som Forsnes kapell i 1914.

Hovudkyrkja, Dolm kyrkje, brann etter lynnedslag i 1920, og Hitra kyrkje vart reist som ny hovudkyrkje i prestegjeldet. Kirka brann også tidlegare etter lynnedslag i 1772 og 1848. Ifylgje Dietrichson [kven?] var den opprinnelege kyrkja oppført i år 1240.

Galleri

Litteratur

Sjå òg