Husmannsplassane i Lesja: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:
Kring 1670 vart så [[Lesja jernverk]] etablert, og kring verket voks det etter kvart fram plassar brukt av folk som arbeidde på verket kombinert med drift av plassen. Mange av desse plassane var nok bygde på gamal kulturjord, [[Leksikon:Ødegård|gardar som hadde lege øyde i seinmellomalderen]]. Seks plassar knytt il jernverket ser ut til å ha blitt etablerte før 1700, [[Håmåren (Lesja)|Håmåren]] og [[Stirstad (Lesja)|Stirstad]] utanfør sjølve verksområdet, og [[Sandgro (Lesja)|Sandgro]], [[Knipa (Lesja)|Knipa]], [[Doset (Lesja)|Doset]] og [[Morke (Lesja)|Morke]] innafor det området verket fekk alle rettar til.
Kring 1670 vart så [[Lesja jernverk]] etablert, og kring verket voks det etter kvart fram plassar brukt av folk som arbeidde på verket kombinert med drift av plassen. Mange av desse plassane var nok bygde på gamal kulturjord, [[Leksikon:Ødegård|gardar som hadde lege øyde i seinmellomalderen]]. Seks plassar knytt il jernverket ser ut til å ha blitt etablerte før 1700, [[Håmåren (Lesja)|Håmåren]] og [[Stirstad (Lesja)|Stirstad]] utanfør sjølve verksområdet, og [[Sandgro (Lesja)|Sandgro]], [[Knipa (Lesja)|Knipa]], [[Doset (Lesja)|Doset]] og [[Morke (Lesja)|Morke]] innafor det området verket fekk alle rettar til.


I bygdeboka er det berre identifisert tre andre plassar som vart busette før 1600: [[Einbusgrinde (Lesja)|Einbusgrinde]] (som kan óg ha blitt etablert i samband med jornverket), [[Hovaukhågån (Lesja)|Hovaukhågån]] og [[Ommundgardsbakken (Lesja)|Ommundgardsbakken]] i søre delen av bygda. Tilsaman finn vi altså elleve husmannsplassar av den nyare typen (altså ikkje slike som fanst som skatteytarar før overgangen til skattlegging bygd på landskylda kring 1639<ref>Dyrvik 2004 s. 115</ref> eller prestegardsbruk)) fram til hundreårsskiftet 16-1700.
I bygdeboka er det berre identifisert tre andre plassar som vart busette før 1600: [[Einbusgrinde (Lesja)|Einbusgrinde]] (som kan óg ha blitt etablert i samband med jornverket), [[Hovaukhågån (Lesja)|Hovaukhågån]] og [[Ommundgardsbakken (Lesja)|Ommundgardsbakken]] i søre delen av bygda. Tilsaman finn vi altså elleve husmannsplassar av den nyare typen (altså ikkje slike som fanst som skatteytarar før overgangen til skattlegging bygd på landskylda kring 1630<ref>Dyrvik 2004 s. 115</ref> eller prestegardsbruk)) fram til hundreårsskiftet 16-1700.
 
==Utviklinga i første halvdel av 1700-talet==
Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla [[https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Leksikon:Skoskatten_1711|skoskatten]] frå 1711 og [[matrikkelforarbeidet 1723]] saman med eit «husmannsmanntal» som presten [[Niels Stockfleth]] førte frå 1723 og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste.


==Referanse==
==Referanse==

Sideversjonen fra 11. jul. 2017 kl. 08:50

Murane etter husmannsplassen Svee under under Sør-Hole i Lesja
Foto: Arnfinn Kjelland

Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996.

Framveksten

Framveksten av plassvesenet i Lesja er behandla i Kjelland 2004. Her er konklusjonen at det ikkje er råd å kople dei relativt få «husmenn» som er nemnde i kjeldematerialet før 1660-åra til husmannsplassar som er påviste etter den metoden som er brukt i bygdebokarbeidet.[1]

I Lesja er det i sokneprestmanntalet frå 1664 nemnt 20 «husmenn», men det er berre ein, Sønstebøbakken som er identifisert blant faktiske busette plassar på denne tida. I tillegg var to bruk som vart drive som plassar under Prestgarden, Gongstad og Klukkstad òg busette før 1660. Men desse var nok helst prestebordsgods, ikkje plassar i litt snevrare betydning av ordet.[2]

Kring 1670 vart så Lesja jernverk etablert, og kring verket voks det etter kvart fram plassar brukt av folk som arbeidde på verket kombinert med drift av plassen. Mange av desse plassane var nok bygde på gamal kulturjord, gardar som hadde lege øyde i seinmellomalderen. Seks plassar knytt il jernverket ser ut til å ha blitt etablerte før 1700, Håmåren og Stirstad utanfør sjølve verksområdet, og Sandgro, Knipa, Doset og Morke innafor det området verket fekk alle rettar til.

I bygdeboka er det berre identifisert tre andre plassar som vart busette før 1600: Einbusgrinde (som kan óg ha blitt etablert i samband med jornverket), Hovaukhågån og Ommundgardsbakken i søre delen av bygda. Tilsaman finn vi altså elleve husmannsplassar av den nyare typen (altså ikkje slike som fanst som skatteytarar før overgangen til skattlegging bygd på landskylda kring 1630[3] eller prestegardsbruk)) fram til hundreårsskiftet 16-1700.

Utviklinga i første halvdel av 1700-talet

Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla [[1]] frå 1711 og matrikkelforarbeidet 1723 saman med eit «husmannsmanntal» som presten Niels Stockfleth førte frå 1723 og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste.

Referanse

  1. Kjelland 2004a gjer greie for ein «buplasshistorisk metode» side 94f.
  2. Kjelland 2004a: 96f.
  3. Dyrvik 2004 s. 115

Litteratur