Husmannsplassane i Lesja: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 16: Linje 16:
Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla [[Leksikon:Skoskatten_1711|skoskatten]] frå 1711 og [[matrikkelforarbeidet 1723]] saman med eit «husmannsmanntal» som presten [[Niels Stockfleth]] førte frå 1723<ref>Kjelland 2004b s. 103.</ref> og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste. Det fører til at det etter kvart blir lettare å registrere at plassar er busette, fordi plassnamn dukkar opp mellom anna på personar i samband kyrkjelege handlingar som altargang, fadderskap og forlovarar, i tillegg til dei ordinære (dåp, viogsel, gravlegging).
Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla [[Leksikon:Skoskatten_1711|skoskatten]] frå 1711 og [[matrikkelforarbeidet 1723]] saman med eit «husmannsmanntal» som presten [[Niels Stockfleth]] førte frå 1723<ref>Kjelland 2004b s. 103.</ref> og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste. Det fører til at det etter kvart blir lettare å registrere at plassar er busette, fordi plassnamn dukkar opp mellom anna på personar i samband kyrkjelege handlingar som altargang, fadderskap og forlovarar, i tillegg til dei ordinære (dåp, viogsel, gravlegging).


På dette grunnlaget ser det ut til at det i perioden fram til 1750 kom til drygt 110 nye bustadar der det budde folk som i alle fall i sosial samanheng vart rekna som husmannsfolk. Mellom desse var det til dømes tre som må ha vore gamle gardar i eiga til prestebordet: det gamle Klukkstad-bruket vart delt i to slik at det kom til ein ny, og i tillegg kom det folk på [[Prest-Rudi (Lesja)|Prest-Rudi]] og [[Hallsteins-Tande (Lesja)|Hallsteins-Tande]] - folk som i alle samanhengar (kyrkjebøkene, [[folketeljinga 1801]] vart førte som husmannsfolk. Det same gjeld ein kategori som kan kallast ''småbruk'' fordi dei vart frådelte med tingløyste skøyte på 1700-talet.<ref>Jf. Kjelland 2004a s. 96.</ref> Bygdebøkene har fem slike: [[Dersyn, Bjorlie (Lesja)|Dersyn, Bjorlie]], [[Vesl-Rise (Lesja)|Vesl-Rise]], Espen under [[Nørstegard (Lesja)|Nørstegard]] (fråflytt før 1801), [[Vesl-Flitti (Lesja)|Vesl-Flitti]] og [[Nørdre Haugen, Brennjord (Lesja)|Nørdre Haugen]] under [[Brennjord (Lesja)|Brennjord]] (framleis i drift da bygdebøkene vart utgjeve).
På dette grunnlaget ser det ut til at det i perioden fram til 1750 kom til drygt 110 nye bustadar der det budde folk som i alle fall i sosial samanheng vart rekna som husmannsfolk. Mellom desse var det til dømes tre som må ha vore gamle gardar i eiga til prestebordet: det gamle Klukkstad-bruket vart delt i to slik at det kom til ein ny, og i tillegg kom det folk på [[Prest-Rudi (Lesja)|Prest-Rudi]] og [[Hallsteins-Tande (Lesja)|Hallsteins-Tande]] - folk som i alle samanhengar (kyrkjebøkene, [[folketeljinga 1801]] vart førte som husmannsfolk. Det same gjeld ein kategori som kan kallast ''småbruk'' fordi dei vart frådelte med tingløyste skøyte på 1700-talet.<ref>Jf. Kjelland 1996.</ref> Bygdebøkene har fem slike: [[Dersyn, Bjorlie (Lesja)|Dersyn, Bjorlie]], [[Vesl-Rise (Lesja)|Vesl-Rise]], Espen under [[Nørstegard (Lesja)|Nørstegard]] (fråflytt før 1801), [[Vesl-Flitti (Lesja)|Vesl-Flitti]] og [[Nørdre Haugen, Brennjord (Lesja)|Nørdre Haugen]] under [[Brennjord (Lesja)|Brennjord]] (framleis i drift da bygdebøkene vart utgjeve).


==Referanse==
==Referanse==

Sideversjonen fra 14. jul. 2017 kl. 07:45

Murane etter husmannsplassen Svee under under Sør-Hole i Lesja
Foto: Arnfinn Kjelland

Husmannsplassane i Lesja er eit oversyn over dei buplassane som er kartlagt og plassert i denne kategorien gjennom arbeidet med Bygdebok for Lesja i åra 1981–1996.

Framveksten

Framveksten av plassvesenet i Lesja er behandla i Kjelland 2004. Her er konklusjonen at det ikkje er råd å kople dei relativt få «husmenn» som er nemnde i kjeldematerialet før 1660-åra til husmannsplassar som er påviste etter den metoden som er brukt i bygdebokarbeidet.[1]

I Lesja er det i sokneprestmanntalet frå 1664 nemnt 20 «husmenn», men det er berre ein, Sønstebøbakken som er identifisert blant faktiske busette plassar på denne tida. I tillegg var to bruk som vart drive som plassar under Prestgarden, Gongstad og Klukkstad òg busette før 1660. Men desse var nok helst prestebordsgods, ikkje plassar i litt snevrare betydning av ordet.[2]

Kring 1670 vart så Lesja jernverk etablert, og kring verket voks det etter kvart fram plassar brukt av folk som arbeidde på verket kombinert med drift av plassen. Mange av desse plassane var nok bygde på gamal kulturjord, gardar som hadde lege øyde i seinmellomalderen. Seks plassar knytt til jernverket ser ut til å ha blitt etablerte før 1700, Håmåren og Stirstad utanfør sjølve verksområdet, og Sandgro, Knipa, Doset og Morke innafor det området verket fekk alle rettar til.

I bygdeboka er det berre identifisert tre andre plassar som vart busette før 1600: Einbusgrinde (som kan óg ha blitt etablert i samband med jernverket), Hovaukhågån og Ommundgardsbakken i søre delen av bygda. Tilsaman finn vi altså to husmannsplassar av den nyare typen (altså ikkje slike som fanst som skatteytarar før overgangen til skattlegging bygd på landskylda kring 1630[3] eller prestegardsbruk)) fram til hundreårsskiftet 16-1700, eventuelt 12 viss vi reknar med prestgardshusmennene.

Av desse 12 plassane ser det ut til at tre, Håmåren, Stirstad og Hovaukhågån, vart permanent nedlagde før 1801. Tre andre, Doset, Klukkstad og Gongstad, vart delte og utgjorde to plassar kvar i løpet av 1700-talet.

Utviklinga i første halvdel av 1700-talet

Etter hundreårsskiftet kjem det til nye kjelder, der den såkalla skoskatten frå 1711 og matrikkelforarbeidet 1723 saman med eit «husmannsmanntal» som presten Niels Stockfleth førte frå 1723[4] og kyrkjebøkene frå 1724 er dei viktigaste. Det fører til at det etter kvart blir lettare å registrere at plassar er busette, fordi plassnamn dukkar opp mellom anna på personar i samband kyrkjelege handlingar som altargang, fadderskap og forlovarar, i tillegg til dei ordinære (dåp, viogsel, gravlegging).

På dette grunnlaget ser det ut til at det i perioden fram til 1750 kom til drygt 110 nye bustadar der det budde folk som i alle fall i sosial samanheng vart rekna som husmannsfolk. Mellom desse var det til dømes tre som må ha vore gamle gardar i eiga til prestebordet: det gamle Klukkstad-bruket vart delt i to slik at det kom til ein ny, og i tillegg kom det folk på Prest-Rudi og Hallsteins-Tande - folk som i alle samanhengar (kyrkjebøkene, folketeljinga 1801 vart førte som husmannsfolk. Det same gjeld ein kategori som kan kallast småbruk fordi dei vart frådelte med tingløyste skøyte på 1700-talet.[5] Bygdebøkene har fem slike: Dersyn, Bjorlie, Vesl-Rise, Espen under Nørstegard (fråflytt før 1801), Vesl-Flitti og Nørdre Haugen under Brennjord (framleis i drift da bygdebøkene vart utgjeve).

Referanse

  1. Kjelland 2004a gjer greie for ein «buplasshistorisk metode» side 94f.
  2. Kjelland 2004a: 96f.
  3. Dyrvik 2004 s. 115
  4. Kjelland 2004b s. 103.
  5. Jf. Kjelland 1996.

Litteratur