Husmannsprosjektet 2017

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Husmannsprosjektet 2017 er eit samarbeidsprosjekt mellom Landslaget for lokalhistorie (LLH) og ei rekkje fagmiljø, organisasjonar og institusjonar med sikte på å ajourføre og utvide kunnskapen om husmannsvesenet. Det konkrete siktemålet er å utgje eit bokverk i 2022, 100 år etter at Simen Skappels standardverk om husmannsvesenet i Norge kom ut.

Initiativ og organisering

Initiativet til prosjektet kom frå Hordaland Sogelag og Rogaland Historielag. Det hadde mellom anna bakgrunn i at desse to laga, ved Mikal Heldal (Hordaland) og Birger Lindanger (Rogaland), organiserte eit seminar om husmannsvesenet i samband med Landslaget for lokalhistorie si historielagskonferanse i Bergen i november 2016. På nyåret vart det nedsett ei interimsgruppe for å arbeide vidare med saka. Gruppa består av:

LLH stiller seg bak prosjektet, og løyvde eit mindre beløp på landsmøtet på Gjøvik 5.-7. mai 2017. Føresetnaden er at prosjektet skal vere sjølvfinansierande.

Fagleg bakgrunn og føremål

Blant innleiarane på husmannsseminaret i Bergen var m.a. historikarar som har vore involvert i utgreiingar i samband med eit ønske om å etablere eit nasjonalt dokumentasjonssenter for husmannshistoria i Luster, og som har utarbeid ein grundig rapport om forskingsstoda. Andre innleiarar har ved eiga forsking dei siste 10-20 åra bringa fram ny kunnskap om husmannsvesenet og på fleire vis utvida forståingsrammene m.a. kva gjeld kronologi, geografiske variasjonar og med omsyn til yrkessamansetning. Husmannsprosjektet 2017 har tenkt å byggje vidare mellom anna på dette, og legg vekt på desse momenta:

  • Nærare undersøkingar av tidsrom og periodisring.
  • Regionale og lokale variasjonar, vekt på regionar som har vore mangelfullt granska.
  • Særleg vekt på opphavet til og avviklinga av husmannsvesenet.
  • Internasjoinal komparasjon.
  • Husmannsvesenet i kjønnshistorisk perspektiv.
  • Husmannsvesenet som moderniserande og innovasjonsfremjande fenomen i tidleg moderne tid.