INO Armaturer: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 13: | Linje 13: | ||
===Kjelde:=== | ===Kjelde:=== | ||
*[[Eldar Høidal]]: [http://www.nb.no/utlevering/contentview.jsf?urn=URN:NBN:no-nb_digibok_2007081004004 ''Industrisoge for Sykkylven'', Sykkylven 1990.] | |||
Sideversjonen fra 30. sep. 2013 kl. 07:16
INO Armaturer var ein produsent av lampar og lampettar i Sykkylven. Det var Karstein Oddmund Vik som tok opptaket til armaturverksemda. Vik hadde studert ei tid ved den tekniske høgskulen i Trondheim då han kom attende til Sykkylven og skipa INO Armaturer i 1942. Han var enno ikkje ferdig med arkitetutdanninga, men tyskarane bidrog til å øydelegge undervisningstilhøva, så han fann å måtte ta ein pause.
Karstein Oddmund Vik gjekk i lag med Haldor Vik om armaturfabrikken. I tillegg var det året etter oppstartinga to mann i produksjonen.
Bedrifta hadde kontakt med Daniel Hagerup, som utvikla modellane. Særleg var det eitt kjent motiv som INO Armaturer sette i produksjon. Det hadde tittelen «Kan du ikke tale» og forestilte ein hund vend mot eit lite barn.
Ei tid heldt verksemda til i øvste høgda av fabrikken til L.K. Hjelle. Seinare flytta dei over i lokala til Viko Konfeksjonsfabrikk.
I 1944 løyste K.O. Vik ut Haldor Vik og vart eineeigar. Haldor Vik laga eit par år framover lampar for eiga rekning i kjellaren heime.
INO Armaturer var i drift til 1947. Då reiste Karstein Oddmund Vik til Trondheim att og fullførte arkitektutdanninga.