Innherad

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jul. 2012 kl. 12:24 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (lenkje til foreldrelause)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Midt-Noreg med Innheradskommunane markert i raudt.

Innherad eller Innherred Mal:Nb (preposisjon: « Innh.») er eit landskap og ein region i Nord-Trøndelag fylke. Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Kommunesamanslåingar blir stadig diskuterte. Uttaleforma i dag er litterær; namnet tyder opprinneleg ‘dei indre herada’. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², fordelt på dei sju kommunane Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran og Leksvik. Innherad grensar til Stjørdalen, Fosen, Namdalen og Jämtland. Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.

Tidlegare vart vestdelen av Leksvik (Stranda sokn) rekna som ein del av Fosen i staden for Innherad, medan norddelen av Skatval vart rekna som ein del av Innherad i staden for Stjørdalen.

Eit spesielt interkommunalt samarbeid er utvikla mellom kommunane Levanger og Verdal. Dette blir kalla Innherad samkommune. Samkommunen skal vera eit alternativ til kommunesamanslåing.

Innherredsferja a/s dreiv ferjetrafikk i området. Selskapet vart i 2005 kjøpt av Fosen Trafikklag.

Innherred kystlag held til i området.

Mal:Nord-Trøndelag


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Innherred» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.