Jørgen Høydalsmoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mar. 2018 kl. 11:05 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Jørgen Høydalsmoen (skreiv seg også Høidalsmo), fødd på Haugestøyl i Høydalsmo 26. februar 1898, død i Hakadal i 1958, arbeidde ved lageret til Narvesen i Oslo. Han var sonen til Olav Olavsson Nordjordet (1864-1959) (f. Hommen) og Anne Olavsdotter (1863-1939) (f. Kvåle). Foreldra flytta mykje rundt i bygda som bruksfolk på forskjellige gardar. Dei busette seg på Høydalsmoen kring 1900, men vart forpaktarar på Å frå 1917 til 1938. Jørgen vart gift med Ruth Eckoff og flutte til Hakadal. Dei to var barnlause.

Arkiv

Jørgen var glad i å reise på turar, skrive og å ta fotografi frå desse turane. Ved Vest-Telemark Museum er det ordna eit lite arkiv med reiseskildringar og foto etter Jørgen. Sjå oppføringarkivportalen.

Kjelder