Jørgen Høydalsmoen
Jørgen Høydalsmoen (skreiv seg også Høidalsmo/Høydalsmo), vart fødd på Haugestøyl i Høydalsmo 26. februar 1898, død i Hakadal i 1958. Han arbeidde ved lageret til Narvesen i Oslo. Han var sonen til Olav Olavsson Nordjordet (1864-1959) (f. Hommen) og Anne Olavsdotter (1863-1939) (f. Kvåle). Foreldra flytta mykje rundt i Høydalsmo som bruksfolk på forskjellige gardar. Dei busette seg på garden Høydalsmoen kring 1900, men vart forpaktarar på Å frå 1917 til 1938.
Jørgen var gift med Ruth Eckoff og busette seg etterkvart i Hakadal. Dei to var barnlause.
Arkiv
Jørgen var glad i å reise på turar, skrive og å ta fotografi frå desse turane. Ved Vest-Telemark Museum er det ordna eit lite arkiv med reiseskildringar og foto etter Jørgen.Lenke til oppføring på arkivportalen.
Kjelder
- Arbeiderbladet, 25. februar 1948. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Oppføringa på arkivportalen.
- Wahlstrøm, Thorbjørn, "Inntrykk og tanker på julereisen hjem i 1927", i Tokke historielag sitt årsskrift, 2009. Digital utgåve i "Kjeldearkivet": Inntrykk og tanker på julereisen hjem i 1927 .
- Jørgen Høydalsmoen i Historisk befolkningsregister.