Johannes Asbjørnson Hus: Forskjell mellom sideversjoner
m (Legger på kategori Klokkere.) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Johannes Asbjørnson Hus (Bjørk)''' (fødd 6. mai 1751 i [[Ullensvang]], død 10. februar 1833 i Jostedalen) var gardbrukarson. Han kom til Jostedalen som [[Klokkarar i Jostedalen|klokkar]] i 1790 og hadde stillinga livet ut. Han òg kona Martha Larsdotter frå Bakken i Jostedalen dreiv òg garden [[Bjørk]] der dei busette seg i 1791. Dei fekk skøyte på garden 1. juni 1796. | '''Johannes Asbjørnson Hus (Bjørk)''' (fødd 6. mai 1751 i [[Ullensvang]], død 10. februar 1833 i Jostedalen) var gardbrukarson. Han kom til Jostedalen som [[Klokkarar i Jostedalen|klokkar]] i 1790 og hadde stillinga livet ut. Han òg kona Martha Larsdotter frå Bakken i Jostedalen dreiv òg garden [[Bjørk (Jostedalen)|Bjørk]] der dei busette seg i 1791. Dei fekk skøyte på garden 1. juni 1796. | ||
I 1793 kjøpte Hus [[Jostedal kyrkje]], som hadde vore i privat eige sidan det store kyrkjesalet i 1723. Han sat truleg med kyrkja så lenge han levde.<ref>Øvregard m.fl. 2010, s. 69</ref> Det var såleis Hus som i 1802 inngjekk eit forlik med allmugen om betalinga av kyrkjetienda.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=881 Tiendforretninga 1802]</ref> I 1794 gav han og kona ei kalk og ein disk i sylv til kyrkja med innskrifta «J.A.S ---M.L.D 1794». Dette er framleis i kyrkja.<ref>Øvregard m.fl. 2010, s. 107</ref> | I 1793 kjøpte Hus [[Jostedal kyrkje]], som hadde vore i privat eige sidan det store kyrkjesalet i 1723. Han sat truleg med kyrkja så lenge han levde.<ref>Øvregard m.fl. 2010, s. 69</ref> Det var såleis Hus som i 1802 inngjekk eit forlik med allmugen om betalinga av kyrkjetienda.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=881 Tiendforretninga 1802]</ref> I 1794 gav han og kona ei kalk og ein disk i sylv til kyrkja med innskrifta «J.A.S ---M.L.D 1794». Dette er framleis i kyrkja.<ref>Øvregard m.fl. 2010, s. 107</ref> |
Sideversjonen fra 23. okt. 2010 kl. 21:44
Johannes Asbjørnson Hus (Bjørk) (fødd 6. mai 1751 i Ullensvang, død 10. februar 1833 i Jostedalen) var gardbrukarson. Han kom til Jostedalen som klokkar i 1790 og hadde stillinga livet ut. Han òg kona Martha Larsdotter frå Bakken i Jostedalen dreiv òg garden Bjørk der dei busette seg i 1791. Dei fekk skøyte på garden 1. juni 1796.
I 1793 kjøpte Hus Jostedal kyrkje, som hadde vore i privat eige sidan det store kyrkjesalet i 1723. Han sat truleg med kyrkja så lenge han levde.[1] Det var såleis Hus som i 1802 inngjekk eit forlik med allmugen om betalinga av kyrkjetienda.[2] I 1794 gav han og kona ei kalk og ein disk i sylv til kyrkja med innskrifta «J.A.S ---M.L.D 1794». Dette er framleis i kyrkja.[3]
Biskop Claus Pavels, som ikkje strøydde om seg med ros av lærarar og klokkarar, sa i 1818 om Hus at "hans embedsførsel var upåklagelig, men han udmerket sig ikke ved sin duelighed".[4] Hus var lite nøgd med løna, som i 1818 vart auka frå 10 til 15 spesidalar årleg. I 1823 prøvde han å få det til slik at klokkaren på Voss skulle betala ein årleg pensjon til han, men det gjekk ikkje. Han søkte òg om å bli klokkar i Kvinnherad utan hell, men han fekk 16 spd meir i løn, truleg av Opplysningsvesenets fond.[5]
Notar
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Lars Olson Bjørk |
Klokkarar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Ole Olson Aasestølen |