Jostedal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. jul. 2013 kl. 17:56 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Mellomalderkyrkja: utviding: om kyrkjestaden og ref dokument)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum.
Kyrkja og prestegarden fotografert av Knud Knudsen 1872-75. Dette er det eldste fotografiet som finst av kyrkja

Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti.

Kyrkjestaden

Det finst ingen opplysningar om andre kyrkjestader i Jostedalen enn der kyrkja ligg i dag. Kyrkjestaden er midt i soknet, ca 12 km frå den nordlegaste busetnaden i Fåberg og 9 km frå den sørlegaste busetnaden på Myklemyr. Kyrkja ligg i dalbotnen ved Jostedøla på ein haug som temmeleg sikkert er ein heidensk gravhaug.[1]

Mellomalderkyrkja

1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to diplom daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest.[2] Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet.

Ny kyrkje

Den fyrste skriftlege kjelda ein har etter Svartedauden er ei skatteliste datert til 1596 som fortel kva ytingar presten skulle ha frå bøndene. I samband med nyryddinga hadde ein truleg sett den gamle stavkyrkja i stand. På ei synfaring 6. januar 1656 vart det slege fast at kyrkja var for dårleg, og at ei ny laut byggjast.[3] Eit dokument datert 2. oktober 1660 fortel at den nye kyrkja då stod ferdig, og ho vart taksert til 216 riksdalar.[4] Leiar for kyrkjebygginga var kyrkjeombodsmann og sokneprest Tøger Jensson. Bygningstekniske granskingar i 2009-2010 har dokumentert omfattande gjenbruk av bygningdelar frå den tidlegare kyrkja. Det er mellom anna sannsynleg at heile koret har vorte bygt til ei tidlegare kyrkje og sett inntil den nye.[5]

Seinare utbetringar

Kyrkja er seinare påbygt og utbetra fleire gonger. I 1682 vart tårnet blese ned av vinden frå ei snøskrede. Det er mogleg at tårnet vart flytt då det vart bygt opp att. Kyrkjerommet vart dekorert av Moses Målar 1714-16. Kring 1900 var det på tale å rive kyrkja og byggje ny fordi ho var for lita. Etter at arkitekt Schreiner i Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers bevaring engasjerte seg, bad kommunestyret om å få nytte det statlege tilskotet på 4500 kr til vøling av den gamle kyrkja i staden for bygging av ei ny. Heile kyrkja vart deretter restaurert 1907-1910 under leiing av ariktekt J. Kløften, og våpenhuset og koret vart utvida noko. I samband med 300-årsjubileet i 1960 vart så kyrkja pussa opp på nytt, denne gongen utan større endringar.

Kyrkja var kongeleg eigedom fram til det store kyrkjesalet kring 1723. Private eigarar hadde hand om kyrkja fram til Jostedal kommune kjøpte den siste eigarparten i 1909 (sjå liste over private eigarar).

Jubileum 2010

Mal:Thumb høyreI samband med 350-årsjubileet for kyrkja i 2010 vart det gjeve ut ei stor praktbok om kyrkja der den eksisterande kunnskapen om soga til kyrkjebygningen og presteembetet er oppsummert.

Notar

  1. Våre ukjente gravhaugkirker. Intervju med arkeolog Jan Brendalsmo (NIKU), Aftenposten 3.6.2011
  2. Diplon 1318/19 og Visitasforordning 1322/23 (Jostedal historielag)
  3. Synfaringsdokument 6.1.1656 (digital utgåve)
  4. Synfaringsdokument 2.10.1660 (digital utgåve)
  5. Ola Storsletten: Gjenanvendte bygningsdeler i Jostedalen kirke? NIKU oppdragsrapport 140/2010

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Koordinater: 61°35′14″ N 007°16′59″ Ø