Jostedalen breførarlag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(sett inn bilete)
Linje 1: Linje 1:
[[Fil:Nigardsbreen-Norway-glacier-hiking.jpg|[[Nigardsbreen]] med fleire taulag frå Jostedalen breførarlag i juli|thumb]]
'''[[Jostedalen breførarlag]]''' er ei verksemd som sidan 1987 har drive med bre- og fjellføring i [[Jostedalen]] i [[Sogn og Fjordane]].  
'''[[Jostedalen breførarlag]]''' er ei verksemd som sidan 1987 har drive med bre- og fjellføring i [[Jostedalen]] i [[Sogn og Fjordane]].  



Sideversjonen fra 31. des. 2012 kl. 11:25

Nigardsbreen med fleire taulag frå Jostedalen breførarlag i juli

Jostedalen breførarlag er ei verksemd som sidan 1987 har drive med bre- og fjellføring i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Hovudaktiviteten til breførarlaget er breføring i blåisen på nedre del av Nigardsbreen i Jostedalen, som er den lettast tilgjengelege brearmen i Noreg. Kring 20 førarar er i arbeid i hovdsesongen i juli og august. Verksemda held òg brekurs, klatrekurs og alpinkurs, og toppturar frå Fondsbu i Jotunheimen. Eit populært vårtilbod er skituren "Josten (Jostedalsbreen) på langs".

Breførarlaget har hatt kring 180 000 deltakarar på turar og kurs sidan starten i 1987. Verksemda har sjølv utdanna ei rekkje bre- og fjellførarar gjennom åra, og fleire har seinare starta eigne føringsverksemder. Breførarane er rekrutterte både frå Jostedalen og ei rekkje andre land.

Breførarlaget har sidan 1990 hatt kurssenter og kontor på Bretun, som er den nedlagde Krundalen skule. Breførarlaget vart skipa i 1987 av Steinar Bruheim, Heidi Zimmermann, Thore Stensberg og Arve Tvedt. Dei fire er framleis eigarar av verksemda, og Bruheim er dagleg leiar.

Kjelder