Jostedalsbredens Turisthotel: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
(kat)
Linje 12: Linje 12:
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Hotell i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Hotell i Sogn og Fjordane]]
[[Kategori:Trehotell]]

Sideversjonen fra 7. des. 2010 kl. 08:57

Jostedalsbredens Turisthotel (Jostedalsbræens Turisthotel) opna sommaren 1920 ved garden Elvekrok i Jostedalen. Hotellet ligg med utsikt rett mot Nigardsbreen, og utsikta var endå betre den gongen breen var større. Hotellet er ein enkel trebygning i tre høgder.

Bak hotellet stod Per J. Næss, eigar av Hofslund Hotel i Sogndal. Han skipa i 1916 Indre Sogns Automobilselskab med turistrute mellom anna til Jostedalen, og hotellet var ein lekk i denne satsinga. Hotellet gjekk konkurs kring 1940.

Etter andre verdskrigen tok Haakon Elvekrok frå Jostedalen og Nils Optun frå Fortun over drifta under namnet Jostedalsbredens Turiststasjon. Dei la ned drifta i 1965. Bygningen er no under oppussing (2010).

Eksterne ressursar