Kari Veiteberg: Forskjell mellom sideversjoner
(korr.) |
(lenkefiks) |
||
(Én mellomliggende revisjon av samme bruker vises ikke) | |||
Linje 5: | Linje 5: | ||
Frå 1989 til 1991 var ho hjelpelærar i Det nye testamentet ved [[Det teologiske fakultet (UiO)|Det teologiske fakultet]]. Så byrja jo å virke som prest, og var i teneste fleire stader i landet. Den siste stillinga ho hadde før ho vart utnemnd til biskop var som bymisjonsprest. | Frå 1989 til 1991 var ho hjelpelærar i Det nye testamentet ved [[Det teologiske fakultet (UiO)|Det teologiske fakultet]]. Så byrja jo å virke som prest, og var i teneste fleire stader i landet. Den siste stillinga ho hadde før ho vart utnemnd til biskop var som bymisjonsprest. | ||
Ho vart i 1988 gift med [[Rolv Nøtvik Jakobsen]], og dei har to born. | Foreldra til Veiteberg var [[Ragnhild Veiteberg (1926–2015)|Ragnhild, f. Tufto]] frå [[Kvisla (Hol)|Kvisla]] i [[Hol kommune|Hol]], og [[Karl Veiteberg (1918–2006)|Karl Veiteberg]] frå [[Jølster kommune|Jølster]]. Ho vaks opp på Stord med tre systre: [[Jorunn Veiteberg (f. 1955)|Jorunn]] (f. 1955), Åse (f. 1957) og Anne (f. 1966). Kari Veiteberg vart i 1988 gift med [[Rolv Nøtvik Jakobsen]], og dei har to born. | ||
== Litteratur og kjelder == | == Litteratur og kjelder == | ||
* {{WP-lenke|Kari Veiteberg|nb}}. | * {{WP-lenke|Kari Veiteberg|nb}}. | ||
* Reinton, Lars: ''Folk og fortid i Hol''. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. 1972. {{nb.no|NBN:no-nb_digibok_2012032208000}}. | |||
{{Bm}}{{Kvinner i lokalhistoria}} | {{Bm}}{{Kvinner i lokalhistoria}} |
Nåværende revisjon fra 3. mai 2022 kl. 10:40
Kari Veiteberg (fødd 4. februar 1961) har sidan desember 2017 vore biskop av Oslo. Tidlegare har ho mellom anna arbeida for Kirkens Bymisjon.
Ho vart cand.theol. ved Universitetet i Oslo i 1988, og tok praktikum året etter. I 2006 tok ho doktorgraden i teologi med avhandlinga Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja.
Frå 1989 til 1991 var ho hjelpelærar i Det nye testamentet ved Det teologiske fakultet. Så byrja jo å virke som prest, og var i teneste fleire stader i landet. Den siste stillinga ho hadde før ho vart utnemnd til biskop var som bymisjonsprest.
Foreldra til Veiteberg var Ragnhild, f. Tufto frå Kvisla i Hol, og Karl Veiteberg frå Jølster. Ho vaks opp på Stord med tre systre: Jorunn (f. 1955), Åse (f. 1957) og Anne (f. 1966). Kari Veiteberg vart i 1988 gift med Rolv Nøtvik Jakobsen, og dei har to born.
Litteratur og kjelder
- Kari Veiteberg på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. 1972. Digital versjon på Nettbiblioteket.