Kari Veiteberg
Kari Veiteberg (fødd 4. februar 1961) var frå desember 2017 til slutten av 2024 biskop av Oslo. Tidlegare har ho mellom anna arbeida for Kirkens Bymisjon.
Ho vart cand.theol. ved Universitetet i Oslo i 1988, og tok praktikum året etter. I 2006 tok ho doktorgraden i teologi med avhandlinga Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja.
Frå 1989 til 1991 var ho hjelpelærar i Det nye testamentet ved Det teologiske fakultet. Så byrja jo å virke som prest, og var i teneste fleire stader i landet. Den siste stillinga ho hadde før ho vart utnemnd til biskop var som bymisjonsprest.
Foreldra til Veiteberg var Ragnhild, f. Tufto frå Kvisla i Hol, og Karl Veiteberg frå Jølster. Ho vaks opp på Stord med tre systre: Jorunn (f. 1955), Åse (f. 1957) og Anne (f. 1966). Kari Veiteberg vart i 1988 gift med Rolv Nøtvik Jakobsen, og dei har to born.
Litteratur og kjelder
- Kari Veiteberg på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Reinton, Lars: Folk og fortid i Hol. Utg. I kommisjon hos Grøndahl. 1972. Digital versjon på Nettbiblioteket.