Kirkebygdens Meieri: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 4: | Linje 4: | ||
Oppstarten til meieriet i Fyresdal kom etter at [[Bendik Taraldlien]] heldt eit føredrag i [[Fyresdal Landbuforening]] (seinare [[Fyresdal Bondelag]]) i 1890. Her tok Taraldlien til orde for å få oppretta meieri i Fyresdal. Tanken fenga forsamlinga, og arbeidet med etableringa vart sett i gang. Etter tre års arbeid, i 1893, vart Kirkebygdens Meieri opna som eit aksjemeieri. Allereie i 1895 tok meieriet i mot 65 719 liter mjølk og kverna 2 528 kilo smør.<ref>Samuelsen, 1994, s. 377.</ref> Det vart satt opp ein bygning med meieri i fyrste høgda og bustad i andre høgda på gnr. 35/7, i 2020 med adresse Gamleveg 2. Gamleveg er ei vidareføring av [[Folkestadgata (Fyresdal)|Folkestadgata]] mot syd. | Oppstarten til meieriet i Fyresdal kom etter at [[Bendik Taraldlien]] heldt eit føredrag i [[Fyresdal Landbuforening]] (seinare [[Fyresdal Bondelag]]) i 1890. Her tok Taraldlien til orde for å få oppretta meieri i Fyresdal. Tanken fenga forsamlinga, og arbeidet med etableringa vart sett i gang. Etter tre års arbeid, i 1893, vart Kirkebygdens Meieri opna som eit aksjemeieri. Allereie i 1895 tok meieriet i mot 65 719 liter mjølk og kverna 2 528 kilo smør.<ref>Samuelsen, 1994, s. 377.</ref> Det vart satt opp ein bygning med meieri i fyrste høgda og bustad i andre høgda på gnr. 35/7, i 2020 med adresse Gamleveg 2. Gamleveg er ei vidareføring av [[Folkestadgata (Fyresdal)|Folkestadgata]] mot syd. | ||
Meieriet i Fyresdal hadde ein svært avgrensa leverandørkrets og var hovudsakleg basert på smørproduksjon. Seinare fekk mjølkesalget meir betydning. Då [[Edle Stornes]] var meierske i Fyresdal i 1934 tok meieriet i mot heile 91 705 liter mjølk, og av dette vart 20 prosent solgt til konsum. Stornes flytta seinare til [[Åmli Fløytemeieri]]. På slutten av 1930-talet vart det arbeida for å bygge nytt mjølke- og fløytemeieri i Fyresdal. Meierinemnda teikna 480 andelar i 1939, og det vart bygsla tomt frå [[Moland prestegard|prestegarden]] gnr.36/1/47, i 2020 med adresse Meieribakken 4. Styret i mjølkesentralen støtta utbygginga aktivt, og gjekk samstundes inn for eit påtenkt meieri på [[Dalen (Tokke)|Dalen]] i [[Tokke kommune]]. Byggeplanane vart stoppa grunna [[2. verdenskrig|krigen]]. Arbeidet med nytt meieri i Fyresdal vart tatt opp at i byrjinga av 1950-åra, men denne gongen fråråda mjølkesentralen utbygginga.<ref>Samuelsen, 1994, s. 377.</ref> | Meieriet i Fyresdal hadde ein svært avgrensa leverandørkrets og var hovudsakleg basert på smørproduksjon. Seinare fekk mjølkesalget meir betydning. Då [[Edle Stornes]] var meierske i Fyresdal i 1934 tok meieriet i mot heile 91 705 liter mjølk, og av dette vart 20 prosent solgt til konsum. Stornes flytta seinare til [[Åmli Fløytemeieri]]. | ||
På slutten av 1930-talet vart det arbeida for å bygge nytt mjølke- og fløytemeieri i Fyresdal. Meierinemnda teikna 480 andelar i 1939, og det vart bygsla tomt frå [[Moland prestegard|prestegarden]] gnr.36/1/47, i 2020 med adresse Meieribakken 4. Styret i mjølkesentralen støtta utbygginga aktivt, og gjekk samstundes inn for eit påtenkt meieri på [[Dalen (Tokke)|Dalen]] i [[Tokke kommune]]. Byggeplanane vart stoppa grunna [[2. verdenskrig|krigen]]. Arbeidet med nytt meieri i Fyresdal vart tatt opp at i byrjinga av 1950-åra, men denne gongen fråråda mjølkesentralen utbygginga.<ref>Samuelsen, 1994, s. 377.</ref> | |||
Meieriet var i drift fram til 1950 då leveransen vart overført til [[Vest-Telemark Meieri]] i [[Kviteseid]]. | Meieriet var i drift fram til 1950 då leveransen vart overført til [[Vest-Telemark Meieri]] i [[Kviteseid]]. | ||
Linje 10: | Linje 12: | ||
==Kjelder== | ==Kjelder== | ||
*Samuelsen, Finn, ''Mjølk og organisasjon i sør: en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark'', Kristiansand, 1994. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008010404012 Digital utgåve] på [[bokhylla]]. | *Samuelsen, Finn, ''Mjølk og organisasjon i sør: en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark'', Kristiansand, 1994. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008010404012 Digital utgåve] på [[bokhylla]]. | ||
*"Sjå deg attyvi”. Fyresdal Sogelag 2009. ''Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav'': Hus og folk i Folkestadbyen. s. 18. | |||
*Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013111808064 Digital utgave] på bokhylla. | *Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949. [http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013111808064 Digital utgave] på bokhylla. | ||
*[[Taraldlien, Bendik]]. ''Fyresdal. Med bilæte.'' Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania. s. 100. | |||
==Arkiv== | ==Arkiv== |
Sideversjonen fra 16. des. 2020 kl. 16:36
Kirkebygdens Meieri blei stifta i 1890.[1] Meieriet låg i Kyrkjebygda i Fyresdal kommune.
Historikk
Oppstarten til meieriet i Fyresdal kom etter at Bendik Taraldlien heldt eit føredrag i Fyresdal Landbuforening (seinare Fyresdal Bondelag) i 1890. Her tok Taraldlien til orde for å få oppretta meieri i Fyresdal. Tanken fenga forsamlinga, og arbeidet med etableringa vart sett i gang. Etter tre års arbeid, i 1893, vart Kirkebygdens Meieri opna som eit aksjemeieri. Allereie i 1895 tok meieriet i mot 65 719 liter mjølk og kverna 2 528 kilo smør.[2] Det vart satt opp ein bygning med meieri i fyrste høgda og bustad i andre høgda på gnr. 35/7, i 2020 med adresse Gamleveg 2. Gamleveg er ei vidareføring av Folkestadgata mot syd.
Meieriet i Fyresdal hadde ein svært avgrensa leverandørkrets og var hovudsakleg basert på smørproduksjon. Seinare fekk mjølkesalget meir betydning. Då Edle Stornes var meierske i Fyresdal i 1934 tok meieriet i mot heile 91 705 liter mjølk, og av dette vart 20 prosent solgt til konsum. Stornes flytta seinare til Åmli Fløytemeieri.
På slutten av 1930-talet vart det arbeida for å bygge nytt mjølke- og fløytemeieri i Fyresdal. Meierinemnda teikna 480 andelar i 1939, og det vart bygsla tomt frå prestegarden gnr.36/1/47, i 2020 med adresse Meieribakken 4. Styret i mjølkesentralen støtta utbygginga aktivt, og gjekk samstundes inn for eit påtenkt meieri på Dalen i Tokke kommune. Byggeplanane vart stoppa grunna krigen. Arbeidet med nytt meieri i Fyresdal vart tatt opp at i byrjinga av 1950-åra, men denne gongen fråråda mjølkesentralen utbygginga.[3]
Meieriet var i drift fram til 1950 då leveransen vart overført til Vest-Telemark Meieri i Kviteseid.
Kjelder
- Samuelsen, Finn, Mjølk og organisasjon i sør: en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark, Kristiansand, 1994. Digital utgåve på bokhylla.
- "Sjå deg attyvi”. Fyresdal Sogelag 2009. Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. s. 18.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgave på bokhylla.
- Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania. s. 100.
Arkiv
Arkivet etter Kirkebygdens Meieri blir oppbevart ved Fyresdal folkebibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå Telemark for meir informasjon.