Kirkebygdens Meieri: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
(2 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke) | |||
Linje 2: | Linje 2: | ||
==Historikk== | ==Historikk== | ||
Oppstarten til meieriet i Fyresdal kom etter at [[Bendik Taraldlien]] heldt eit føredrag i [[Fyresdal Landbuforening]] (seinare [[Fyresdal Bondelag]]) i 1890. Her tok Taraldlien til orde for å få oppretta meieri i Fyresdal. Tanken fenga forsamlinga, og arbeidet med etableringa vart sett i gang. Etter tre års arbeid, i 1893, vart Kirkebygdens Meieri opna som eit aksjemeieri. Allereie i 1895 tok meieriet i mot 65 719 liter mjølk og kinna 2 528 kilo smør.<ref>Samuelsen, 1994, s. 377.</ref> Det vart satt opp ein bygning med meieri i fyrste høgda og bustad i andre høgda på gnr. 35/7, i 2020 med adresse Gamleveg 2. Gamleveg er ei vidareføring av [[Folkestadgata (Fyresdal)|Folkestadgata]] mot syd. | Oppstarten til meieriet i Fyresdal kom etter at [[Bendik Taraldlien]] heldt eit føredrag i [[Fyresdal Landbuforening]] (seinare [[Fyresdal Bondelag]]) i 1890. Her tok Taraldlien til orde for å få oppretta meieri i Fyresdal. Tanken fenga forsamlinga, og arbeidet med etableringa vart sett i gang. Etter tre års arbeid, i 1893, vart Kirkebygdens Meieri opna som eit aksjemeieri. Allereie i 1895 tok meieriet i mot 65 719 liter mjølk og kinna 2 528 kilo smør.<ref>Samuelsen, 1994, s. 377.</ref> Det vart satt opp ein bygning med meieri i fyrste høgda og bustad i andre høgda på gnr. 35/7, i 2020 med adresse Gamleveg 2. Dette bygget er den gamle bygningen på Sundslid i Kilegrend. Gamleveg er ei vidareføring av [[Folkestadgata (Fyresdal)|Folkestadgata]] mot syd. | ||
Meieriet i Fyresdal hadde ein svært avgrensa leverandørkrets og var hovudsakleg basert på smørproduksjon. Seinare fekk mjølkesalget meir betydning. Då [[Edle Stornes]] var meierske i Fyresdal i 1934 tok meieriet i mot heile 91 705 liter mjølk, og av dette vart 20 prosent solgt til konsum. Stornes flytta seinare til [[Åmli Fløytemeieri]]. | Meieriet i Fyresdal hadde ein svært avgrensa leverandørkrets og var hovudsakleg basert på smørproduksjon. Seinare fekk mjølkesalget meir betydning. Då [[Edle Stornes]] var meierske i Fyresdal i 1934 tok meieriet i mot heile 91 705 liter mjølk, og av dette vart 20 prosent solgt til konsum. Stornes flytta seinare til [[Åmli Fløytemeieri]]. | ||
Linje 16: | Linje 16: | ||
<gallery> | <gallery> | ||
Fil:Meieriet i Kyrkjebygda (Fyresdal) .JPG|Meieriet i Fyresdal på fyrste staden ved Gamleveg. Foto: Olav Momrak-Haugan 2020 | Fil:Meieriet i Kyrkjebygda (Fyresdal) .JPG|Meieriet i Fyresdal på fyrste staden ved Gamleveg. Foto: Olav Momrak-Haugan 2020 | ||
Fil:Meieribakken 4 og meieriet (Fyresdal) .JPG|Meieribakken 4. I fyrste høgda til venstre heldt meieriet til før det opphøyrde. I seinare tid var her og ein kafé, i 2021 er her ikkje drift. Foto: Olav Momrak-Haugan | |||
Fil:Gateskilt for Meieribakken i Fyresdal .JPG|Meieribakken går parallelt med Fyresdal Bygdemuseum i Øyskogen og skiltet står i krysset med Folkestadgata. Foto: Olav Momrak-Haugan. 2021 | |||
</gallery> | </gallery> | ||
Nåværende revisjon fra 6. mai 2023 kl. 08:06
Kirkebygdens Meieri blei stifta i 1890.[1] Meieriet låg i Kyrkjebygda i Fyresdal kommune.
Historikk
Oppstarten til meieriet i Fyresdal kom etter at Bendik Taraldlien heldt eit føredrag i Fyresdal Landbuforening (seinare Fyresdal Bondelag) i 1890. Her tok Taraldlien til orde for å få oppretta meieri i Fyresdal. Tanken fenga forsamlinga, og arbeidet med etableringa vart sett i gang. Etter tre års arbeid, i 1893, vart Kirkebygdens Meieri opna som eit aksjemeieri. Allereie i 1895 tok meieriet i mot 65 719 liter mjølk og kinna 2 528 kilo smør.[2] Det vart satt opp ein bygning med meieri i fyrste høgda og bustad i andre høgda på gnr. 35/7, i 2020 med adresse Gamleveg 2. Dette bygget er den gamle bygningen på Sundslid i Kilegrend. Gamleveg er ei vidareføring av Folkestadgata mot syd.
Meieriet i Fyresdal hadde ein svært avgrensa leverandørkrets og var hovudsakleg basert på smørproduksjon. Seinare fekk mjølkesalget meir betydning. Då Edle Stornes var meierske i Fyresdal i 1934 tok meieriet i mot heile 91 705 liter mjølk, og av dette vart 20 prosent solgt til konsum. Stornes flytta seinare til Åmli Fløytemeieri.
På slutten av 1930-talet vart det arbeida for å bygge nytt mjølke- og fløytemeieri i Fyresdal. Meierinemnda teikna 480 andelar i 1939, og det vart bygsla tomt frå prestegarden gnr.36/1/47, i 2020 med adresse Meieribakken 4. Styret i mjølkesentralen støtta utbygginga aktivt, og gjekk samstundes inn for eit påtenkt meieri på Dalen i Tokke kommune. Byggeplanane vart stoppa grunna krigen. Arbeidet med nytt meieri i Fyresdal vart tatt opp at i byrjinga av 1950-åra, men denne gongen fråråda mjølkesentralen utbygginga.[3]
Meieriet var i drift fram til 1950 då leveransen vart overført til Vest-Telemark Meieri i Kviteseid.
Telemarkskyri meieri. I 2006 vart det gjort enno eit forsøk på å få til meieridrift i Fyresdal. denne gongen særleg med tanke på telemarkskua. Namnet på meieriet vart Telemarkskyri meieri. Dette synte seg å ikkje vere liv laga og drifta vart avslutta i 2011.
Biletgalleri
Kjelder
- Samuelsen, Finn, Mjølk og organisasjon i sør: en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark, Kristiansand, 1994. Digital utgåve på bokhylla.
- "Sjå deg attyvi”. Fyresdal Sogelag 2009. Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. s. 18.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgave på bokhylla.
- Taraldlien, Bendik. Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania. s. 100.
Arkiv
Arkivet etter Kirkebygdens Meieri blir oppbevart ved Fyresdal folkebibliotek. Sjå lista over privatarkiv frå Telemark for meir informasjon.