Kjeld Andreas Bugge

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. sep. 2010 kl. 19:35 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Kjeld Andreas Bugge''' (fødd 28. november 1807 i Drøbak, død 29. april 1888 i Hole på Ringerike) tok teologisk embetseksamen 7. desember 1830. Han vart tilsett som personleg …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjeld Andreas Bugge (fødd 28. november 1807 i Drøbak, død 29. april 1888 i Hole på Ringerike) tok teologisk embetseksamen 7. desember 1830. Han vart tilsett som personleg kapellan i Aurskog 25. november 1832.

Sokneprest i Jostedalen

27. november 1834 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld. Han overtok truleg embetet våren 1835 då forgjengaren Bernt Anker Leigh forlet bygda.

Bugge var prest i Jostedalen då formannskapslovene vart vedtekne, og i 1838 vart den 30-årige presten den fyrste ordføraren i den nye kommunen. Det fyrste møtet i det nyskipa representantskapet (kommunestyret) og formannskapet vart halde 1. september 1838.Siteringsfeil: Avsluttende </ref>-tagg mangler for <ref> Av ein etterfølgjar vert han nemnd som ein mykje omtykt prest i bygda.[1]

Aurland, Egersund og Hole

Bugge var i Jostedalen til han 22. februar 1840 vart utnemnt til sokneprest i Aurland. Han vart prost i Indre Sogn 9. januar 1843. Alt i 1846 flytte han vidare då han 26. juni vart utnemnd til sokneprest i Egersund. 22. august 1849 vart han prost i Dalane prosti. I 1868 gjekk ferda til bygda der han byrja i presteyrket då han vart utnemnd til sokneprest i Hole, og her fekk han avskil som prest 1. november 1880.

Notar

  1. Kallsboka

Litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Bernt Anker Leigh 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting 


Forgjengar:
 {{{Forgjengar}}} 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Lars R. Faaberg