Lars Rasmusson Faaberg

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Lars R. Faaberg)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Rasmusson Faaberg (fødd 27. februar 1803, død 26. mai 1883) kom frå garden Nedre Fåberg i Jostedalen. Han var son av gardbrukar Rasmus Larsson Fåberg og soneson til lensmann Lars Tøgerson Snøtun.

Lars vart som 17-åring tilsett som lærar i Jostedalen. Han tok over garden i 1827 og var gardbrukar her til han overlet garden til sonen Rasmus Larsson Faaberg i 1866.

Lars R. Faaberg var medlem i det fyrste formannskapet i Jostedalen i 1838 og var truleg varordførar medan sokneprest Kjeld Andreas Bugge var ordførar. Etter at Bugge fekk presteembetet i Aurland, vart Lars R. Faaberg 23. juni 1840 den fyrste med gardbrukarbakgrunn som vart vald til ordførar i Jostedalen.[1] Som ordførar fekk Faaberg hovudansvaret for oppføringa av ny hovudbygning i prestegarden. Faaberg vart avløyst av den nye soknepresten, Michael Sundt Tuchsen Fasting, som vart vald til ordførar 26. juni 1842.

Lars Faaberg var syskenbornet til den andre bonden som hadde ordførarvervet, Lars Tøgerson Kronen. Både sonen Rasmus og sonesonen Lars vart seinare ordførarar i Jostedalen.

I 1850 vart han lensmann og hadde embetet heilt til 1881.

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835.

Lars gifte seg 1. juli 1841 med Anna Andersdotter frå Leteigen. Dei fekk fem born:

  • Rasmus Larsson (1842-1842)
  • Rasmus Larsson Faaberg (1843-1922), som tok over heimebruket og var far til Lars Rasmusson Faaberg (1866-1957)
  • Anders Larsson (fødd 1846, død før 1918), utvandra til Amerika
  • Martha Larsdotter (1848-1899), gift med gardbrukar Erik Olson Myklemyr (1831-1878) som var far til ordførar Ole Erikson Myklemyr
  • Bentha Larsdotter (1855-1922), gardbrukarkone i Kreken og seinare husmannskone på Espestølen

Notar

  1. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 8A (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur og kjelder

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Kjeld Andreas Bugge 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Michael Sundt Tuchsen Fasting 


Forgjengar:
 Ole Hansson Urdahl 
Lensmenn i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Hermund Tvedt