Kjeldearkiv:1886-10-12 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. mar. 2019 kl. 15:46 av Jobr (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-10-12 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 12.10.1886
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 11
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 12. 10. 86.

Kjære Kristian!

Gode Skogtveit! Hm! Ånei, den logiken, som kan gjera deg te Skogtveit[1], bra kar helles, den er korkje vor eller livets. Ikkje no – da; men ha du brote deg te å vorte “Askerianer”[2] og gått inn i den nautbåsen dei kalla “almueskulen” – ja da ha du låta tent dit “herskap” og, som Skogtveit mæ husmannen, stole deg te å tala ut. Og difor har du alder gjort noko bære, enn da du braut tverrt av der alt i fjosdøren, så du ikkje eingong fekk bannde på halsen fyrste natta. Kom ihug da Bergmann[3] vitja almueskolen!

Å sture for levebrøe så svært er ikkje noko bry seg mæ, ivinter da, og dæ fær du heller ikkje lov te for meg; no veit du dæ! For dæ er for å lære du skal vera i Askov; å lære, – ja, dæ er levebrø, dæ.

Men, at dæ er “literat” du er skapt te, dæ vart eg overtyda um, da eg fekk siste breve dit, ja eg har vist dæ længje, ikkje for di – men den, som i dine år kan skrive ein slik stil som den i breve, eit hastværksarbei derte, han er skapt for pennen. Ja, dæ er ikkje for å rose deg, at eg skriv dette, men dæ er sannt som eg sejer antel du held dæ for ros eller øling.

Men eg held på å gløyme reint burt å seja deg tusen tak for boka, for breve og for dei ora eg fekk fra Xania! Hjarteleg takk! Likte du boka, så kan du lite på, at eg i dæ heile gjorde dæ same; enda fann eg no noko smått i værde mæ, som eg ikkje så mæ eingong kan skrive unde på. Men truleg kjem dæ av, at vestlandsforholde[4] er så langt andre enn vore og Kristofersen er innlivt i dei. Nei – bokkritik fær dæ no bli mæ. Elles trongde eg lota dæ vera å skrive noko i kvell og var dæ ikkje for di, at eg veit, at eit brev frå Våge no er deg kjærkome antel dæ har noko innhald eller ikkje, så skreiv eg ikkje dennegongen. For best eg har snikkra på sprængen har eg arbeidt tresole åt nye sko, både igjår og idag – regnskodde og sur haustkall vinn har legje å klembt ne hugen i al dag – mangfaldoge småting som erta og arga har støytt attåt og så sit eg her så tankelaus og tom som ei gamal hit.

Sia eg kom heim frå sæteren er dæ berre lite eg har fått arbeidt på sagna mine; sia du såg dei har eg skrive ei lang “hikstori” um “Offsen” og byrja mæ kjæmpesagnom. No utover ei ti kjem dæ ful te å gå smått, for eg lyt te for ålvor mæ bokbinding no; eg lyt sjå åt um eg kan få bokbindinga te å bli bergelegt “levebrø”. Så “spekulera” eg på å halde skule i vinter! Ja, du gjere store augo og sejer: Bergmann? Nei, høyr korleis dæ er! Kven, som vil, kan få halde kveldskule, når han er dygtog nok og held seg etter “planen” og no har eg tænkt å nytta meg av desse. Eg har freista kveldskulen eingong førr og dæ gjekk bra – no kunde eg kanskje gjera lite bære, og kanskje eg kunde få fram lite grann godt på den måten au, um eg er gote å “vri” plana um, så eg fær albogerum nok. Men dæ vil noko konst te dæ. Dæ er elles ikkje avgjort enno, at dæ bli noko mæ skulen, og um så bli skal du få høyre bære greie um alt sia. No på forhånd kan eg berre seja, at [...] og romantikken vil eg husse ut av min skule, dei har eg ikkje bruk for og, såvidt eg veit, er dei ikkje beint fram nemnt i plana held.

Nei, så er Åsmundstaen komen åt Asko[v] au! Ja, du fær helse frå eit svin han eingong lærde å kjænne, eit beist som er europæer og realist og radikal og ullmannsk, ein som heiter såmykje som Ivar Kleiven. Dæ same svin og beist skreiv um trongsyn og bakevje, oftedalspolitik[5] og vestlandsk kristendom ein dagen, så den dygduge og gudfryktuge Åsmundstaen ikkje kunde gjera seg så liten, at han svara. Fær du teføre kan du gjera han kjennt mæ, at i dei dagom du reiste, venta eg svært på brev frå honom, men at eg ottast for, at eg skreiv så endeframt um trongsyne uti Gausdal, at eg så halvt um halvt tvilte på, at eg gjorde han sint. Fær du tak, så kan du segja at eg er eit naut av ein fritenkjar vorte, halv nihilist i mine politiske og sosiale sjåmåte og finn du på noko enda verre så lægg dæ attåt.

Den einaste nyheita, eg kan fortelja, er, at den store Matias Skar, mæ “d”, har fare i “sin vælde” uppover dalen her og halde vestlandskristelege foredrag som “lægedom” mot den “givt” som Arvesen gav folk da han trast førre for uppetter bygdom her. Han heldt foredrag på Sell og brørane mine[6] var nere og høyrde på. Nokon oftedøl skapte han vist ikkje på færda.

Nei no lyt eg slutte mæ desse låke ramsingen. Du skal få brev att mæ dæ fyrste og te da fær eg vonas, at dæ kan koma att einkvar tankjen så du kanskje kunde få eit brev mæ lite folkegjær på.

Telykke mæ vinteren på Askov!!

Helsing frå Iver og Pål!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Agitator for Venstre i forteljinga Vaardise (1886) av Kristofer Kristofersen.
  2. Elev ved Asker seminar (lærarskule). Mor til Prestgard ville at han skulle gå der.
  3. Folkehøgskulemann i Vaardise.
  4. Handlinga i Vaardise er lagd til Vestlandet.
  5. Namn etter presten og politikaren Lars Oftedal (1838–1900). Han høyrde først til Venstre, men vart frå midten av 1880-åra leiar for dei moderate og det nye partiet Moderate Venstre (1888). I polemikken vart tilhengjarane hans kalla oftedølane eller kaninane.
  6. Iver og Pål Kleiven, meir uvisst om den tredje broren Hans var med.