Kjeldearkiv:1887-02-27 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. mar. 2019 kl. 15:02 av Jobr (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-02-27 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 27.2.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 21
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov ein sundag [27.] mest sist i februar 87.

Kjære Ivar!

Ikkje fordi du har tilgode ein einaste tøddel, skal eg tru; men du skal hava ein “ærbødigst rapport” Kusser no – berre eit eikstranumer forstår du: Åsmundstad’n, alle dei andre normenn so nær som Ponten og 14–15 andre strauk åt Dons igjår på gjesting. Eg var ikkje boden eg stympern, og det var no lukka au, når eg glyttar i pungen fins det Gud hjelpe meg ikkje meire held ein 5øyring og ein brokknap, og det er ikkje til å koma ut av hytta med måta. Å jau, det ser ut med finansom mine att no. Pungen tom og skuldug kvar ein skrott, eg ser, so eg lyt til gå på kne, kor eg fer for å beda um godt vedr, endå det står no ikkje so vel til med brokkneet mit held. – Ja då no eg og Ponten var eine heime, skulde me ut og spankulera. Gjekk so utover dammen og pratad um raudlivad gjentor, sætrar, granbarlugt og rumme, og meire slikt; jau biska deg! som me var midt i himmerik der heime, knakad det i isen og pjonk! der sokk eg [...] ned i tjønni noko meir held til kness. Og eg baskad og baukad og fiktad og famlad, so eg miste både huva og pipa på sluten og kom endeleg iland som ein gamal tafsute løynnvott. Men Ponten log, han beistet, so det berre klukkad i honom. No har eg då fåt skiftat ham og turkat meg uppatt. Hellest var det ikkje berre dette, rapporten skulde melda: Det er so framifrå rart i desse dagom. Eg veit ikkje skikkeleg, anten eg skal banna held velsigna; gjera både slagi kan eg held ikkje på ein ruff. Fyrst den ljose sida: Ja når eg kjem i det hyrna, kan eg ikkje annat held syngja sei-rullirei-ram-tiraro! for det er morske ting, kor det flaskar seg for meg, gjerer det. For det fyrste fekk eg heil fri undervisning til vintrast, og for det andre, har eg fåt ein rektig god sumarplass nede på Als midt imot Dybbøl.[1] Der skal eg få 100 kr i løn for 5 mdr. frå 1ste mai til 1ste oktober. So fær eg med det sama læra å kjenna kor det baskast derausen sunanfor dei svarte og kvite pælarne.[2] Neibbe drøymde eg ikkje um, det skulde laga seg so grepa det eg spann ihop hin kvelden. – So den svarte sida: Det er ei stygg smitsam sjuke komen på skulen, kalla gastriskfeber, som har gjort nokot til uppstus. 9–10 er vortet liggjande og bland deim ogso ein landsmann – ein trønder[3]. Igjår vart telegrafert åt Kolding etter ei sjukpassarkjering, som kom på timen. Heile den fløygen der me hadde bustad, skulde rymmast og lagast um til sjukhus. Kor skulde so me få hysa likamet vårt. Ja det hjelpte korkje bøn held nåde. Ei gamal kjering kom med vatn og fille skulde rydja romet og renska. Me krokarne laut draga liberiet vårt ned i garden, etter alt var pakkat ihop. Drog me so kvar si leid byen rundt og sporde etter hus; men nei takk! ikkje so myket som ei tom kasse var tilovers til å krjupa inn i. Det såg no [...] so hymsje ut, men forsyne meg! laut eg ikkje likavel lægja åt Åsmundstad’n. Han var sint og stutt og beit frå seg som ei bikkje i matfatet, sosnart ei “medlidende sjæl” snart attåt ’om. Korleids det no gjekk held ikkje gjekk, endlyktast det likavel so, at me fekk flytja atti den gamle hybelen. Men so laut me dynka både romet og os sjølve for at ikkje sjuka skulde bita på. Å skjit! eg er no ikkje so banga for pesten; men eg er vorten so rupplat og skakat reint av leiken. No har eg ikkje gjort for ein halv skilling på tvo dagar. Denne feberen skal grasera over heile Danmark, segjer folk, men han er av eit mildt slag.

– Både desse tvo sidorne, eg har fortalt deg um, er heilt privatum, forstår du. Du lyt tigja. Ikkje vil eg skriva heim um sjuka, førr ho er hussa ut, for det er ikkje so farlegt som ein kom til tenkja; og at eg blir her til vintrast vil eg held ikkje fortelja heime, førr det lid utover sumaren held haustparten. –

No har eg altso april måna fri. Kvat skal eg taka meg for då som laglegast montru? Å eg lyt vel freista klora åt meg pengar då med. Held liggja meg roleg i grublarstova? Jau eg trur nok, eg har ret godt av eit dugelegt kroppslit i sumar. Hellest er ikkje skulelivet her so usundt som det er brukelegt. Du veit knapt, kvat gymnastikken har på seg, ser du. Du trur det vel ikkje måta, men hunden ruske meg, har ikkje bringa mi tjuknat so ivinter, at eg har flutt knapparne i livstykkje og frakk tvo gongjer og enda er nyfrakken forliten.

Fyrre mandagskvelden, fastelavnsmandag, var det nokot til spetakkel her, du – maskeradebal so det berre knakad etter. Jabbe var det utrulegt løglegt au, men eg er no forgamal til å stulla med i slikt eg. No er det vænaste vedret sidan eg kom åt Danevang. Ikkje ein snjobita fins att, lufti klår og still, fuglen reint ellevild. Hellest har han ikkje å by den danske vår mot den norske. Ikveld skal me ut med storkikaren og glytta på månen, saturn og venus. Skuleplan for neste vinter legg eg i. Ho er nok umlag som den gamle ser eg. Når du har ærind uppi Hedalen, fær du snarta deg fram heime au. Um du fortel, at du sjølv kjem ned her til vintrast, kan du nok au gjeta på, at eg blir.

Skriv snart ein dugeleg rapport!

Helsing åt deg og dine frå ’om

Kristian.

Sundag måndag tyrsdag – onsdag den 2-3 skriv me no. Det blir forgamalt fyrr det løyp av stabelen dette brevet, ser det ut til. Det var berre ein skuleplan eg ventad etter. Åsmundstad’n hadde fåt for ei rid sida, og so trudde eg au å få; men å nei han hadde nok ikkje fleire han Pål Bergje måta. Ja so skal eg sende seinar.

Med sjuka er det alt ein heil del betre. Schrøder kom heim i går. Han baskar i verdensliteraturen – serleg den engelske. Åsmundstad’n kom ikkje att fyrr i gjår. Sivle var au med.

Høyr no ringjer Begtrup! So lyt eg avstad i firsprang å tyda Vøluspå.

Krist

  1. Nis Nissen i Nordborg på Als.
  2. Grensepålar med dei tyske fargane svart og kvit. Pålane markerte den nye grensa ved Kongeåen etter krigen i 1864.
  3. Johannes Bragstad eller Marius Gevik.