Kjeldearkiv:1887-04-09 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. mar. 2019 kl. 16:07 av Jobr (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-04-09 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 9.4.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 26
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 9-4-87.

Kjære Ivargut!

Jau beiske deg gjekk det ikkje herlegt! Men “det fik fan fordi han var dum og ikke beregned sit publikum,”[1] som det står i den guds bok. Nei det dustar ikkje for meg å snu ut den sida held, kan eg merkja. Sosnart eg gneldrar på verdi og Vårherre, so gneldrar du att på meg, sopas at det kvamp i meg. Rispetere meg, blir du ikkje so flåkjeftad og kranglut, at eg vil snart ikkje hava meire med deg å geskaffe. Det er so pas, eg hektar etter tevet, kvar gong det er brev åt meg i posten med ei viss handskrift på. Ikkje nok med di, du veltar or deg eine “ubehagelige” eiterglosa verre held den andre, men du narrar meg javnvæl alt imillom til å grine og flire, so kjeften min er på veg til å tågne reint or lagje. Men farken faringen skal ikkje du betala leiken, um det går galet. So lengje eg er i Danmark, står det ikkje på, for her er det no skikk og bruk å gå med mule, som ein gamp, kusser her; men verre er det, når eg skal heim. – Men det siste var no det morskaste av alt. Ei søkje stortinget um reisskilling for å få knultra på meg med ein bjørkelurk? Ja, då fær du liksom leuitenant Tritromp, då han skulde dengja han Per Skreddarstugun – han peiste på ein halmsekk, so halmen stakk ut på sluten.

Du? Eit langbrev frå meg i påskhelgi? Å, eg fær no sjå, kor det fell seg med di da. Du tykte vel, du bar deg so nett åt, du ha fortent eit skabrev no siste skeidet, kan eg tenkja. – Eg lyt fyrst fortelja korleids skulen endlyktast – det er no ende på den herlegheita, no da måta – Jau det tok ein [...] brå ende det; og det var javnvel ikkje gjera på, det tok ein skjitin ende, som gamle Ola Spil sa. Skulen var bestemt til å slutte onsda’n fyre skiretorsdagje; men so var det ein morgo, ei heil vika fyrr – at doktoren[2] kom inn på skulen og sa, at den sjukdomen, som buskapad her i vinter, no var komen att i ein meir lettfingje skapnad. Eit par gjentor hadde vortet liggjande, og so fann han det klokast, at heile herkjet løystest upp og kvar drog heim åt seg, fyrr det vart verre.[3] Me gjorde støy oc opstandelse og perrad imot beste me kunde og sa, at det var ikkje meining skapt i å rymma sin kos berre otte dagar “før tiden” fordi um eit par gjentor hadde fått vomrev, men han er akademicus, ser du, slampen, og so var det nok når han sa, me hadde ikkje lov til å hava nokor meining um, kor farlegt det var. So i ein ruff brasad det laust med å pakka ihop. I kvar ei tropp ramlad det og aurad av kistor, sengjegreiskap og tresko, som skulde det voret dommedag, held dagen nest fyre. Eine vognlaset med kistor etter det andre rullad avstad og tidleg neste morgo var heile flokken “klar til at vende”. Eg fylgde med åt stasjonen, kan du vel forstå, og tok ein hjærtebrakkende avsked med alle dei verdsens kusinerom. Anten dei var djevelske held gudsengelske kan eg ikkje segja forvist, for dertil kjenner eg deim forlitet. Forutan dei tvæ norske var det berre ei einaste ei til, som sovidt kjende namnet mit, og det fekk ho vita ved ein rein slumpetreff: Siste kvelden me var her trefte ho til å stå bak meg, då eg nettup skreiv i ei minnebok. “Ja så! Er Di nordmand?” – Eg fortel dette for å trøsta deg med, at ingor av kusinom “hviler tungt på mit hjærte.” – Som eg kom attende, såg det uviskelegt ut i Askov. I garden og husom, der det nyst ha stulla 150 galne og halvgalne skrottar, gjekk no berre gamle Peder Slesviger og ein brun katt og luskad ikring og på romom var det ruskut og audt og kaldtokka, som sjølve svartedauden skulde voret ute – ja det var han no au på ein måte.

Tri av normennom slapp til å reisa straks. So gjekk me att her fire og sturad. Eg trudde ikkje, eg skulde skiplast det minste denne gongen ved å skifte bustad og kjenningar, når skulen var slutt, for eg hadde ingen å skiljast med, som eg brydde meg ei dust um, men nei det gjekk ikkje so. Eg remnad so reint upp i såmom og vart so utolug, at det er no på det allersiste, eg har forberast litet. Eg kunde trengt til å sparat på litet av det krutet eg øydslad på deg fyre gongen til no, for no har eg havt orsak til det. Me fire krokarne gjekk her ei heil vika og slång og rok etter gata og hadde ikkje one til å taka os for den mindste dust. No har det endå lagat seg etter vonom. – På skulen fekk me ikkje lov å koma meir. Åsmundstad’n flutte so ut åt A. Pedersen, lærar i lov og ret, og arbeider på garden hans. Eg leigde meg ein liten hybel hjå ein uhrmakar[4] lenger ute i byen. Eit litet trivelegt, grepa rom, endå det heiter “Enkestanden” – begribeligvis. Tri meter breidt, tvæ sengjelængde langt (trongt mælt) ein omnkrok, som ein liten sint galte, eit stort glashol, som vendar imot kveldsoli, bord og bokhylle og alt det som godt er, amen! Arbeid i hagen fær eg ikkje fyrr etter helgi. Og so lyt eg læra meg til å bli økonom – nei oekonom – no ser du. Eg har ikkje råd til å leiga meg full kost og so kjøper eg noko ruskeri og halder meg sjølv. Eg tenkte nok på det ikveld – påskekvelden – at hadde berre Vårherre komet baskande med steikte duvor og sylta grislabbe m. m. m. so jæken smette meg, skulde han ikkje sluppe truga meg lengje “dæ va reint dæ; for eg sat her og gnog på svart, sur patentrugstomp med kvitt saltskote smør og knost på, og so maulad eg vatn attåt. Men eg ber til bli kvit på tunga og turr innvortes av desse kostveringen. – Nei eg viste nok fyrr, at Vårherre er for sløg til å sløsa med Herrens gaver.

Jau når eg berre kjem på dreisen att no, so skal eg briske meg hart her i Enkestanden. Og so stilt og fredlegt som det altid er i den standen du. På skulen vil eg ikkje på nokon sett held vis bu til vintrast. Eg har allereide leigt eit rom utpå Blåhatten hjå J. Knudsen, eit som netup skal hyse meg og deg. Og kanskje eg kjem til halda meg sjølv med matfengjest då au.

– Jau no tek eg på å bli utruleg lettværen og tykjer det ser ikkje so forlabba ut enda. Det er nok noko i di, som eg sist måla vel svart, at eg står her som ein tosk og kan mest alder ei dust av alt det, dei har synt meg her ivinter. Men eg trur endå eg kunde få fullpantad gagn av det, når eg td. strauk heim – sidan eg [er] ferdig her – og la meg til å arbeide for meg sjølv rektig truverdugt eit år held tvau. Heime vil eg no ikkje vera lenger for skam skuld, men det er da rart som svartøygde farken skal eg ikkje få ein slik plass, som Janson hadde i Siljord. – Få undervisa i oldnorsk, norsk, reikning og eitkvart slikt ved ein høgskule, for å få fritt upphald, og hellest stulla med meg sjølv. Hadde eg berre råd til å kjøpa bøk nok! Eg veit no so nokonlunde, kor eg skulde taka fatt no for å få noko ut or arbeidet mit, og det er ofte ei hovudsak.

Åsmundstad’n er nok au komen i funderingar, kvat han skal slå på att no heretter. For skulen sin i Gausdal, er han nok komen i tvil um han skal taka fatt med att. Eg trur nok, han har fastnat utrulegt i meiningen sine um flokken deruppe no ivinter, endå han stod vist på eigne føt fyrr au, for han sa det, da han kom her i haust, at han vilde fljuge ut or reiret so langt, at han kunde “sætte for øiet den hule hånd til vinding for perspektivet”[5]. Det må likvel vera nokot sundt i ’om, når han kan segja det, som har alest upp i Bruun-flokken sidan han “vann tyggja graut”[6]. (Dette fyrste kom, liksom eg vilde fortelja, at eg har voret misjonær ivinter, men det var ikkje meiningi.)

Me tvo har no livt eit grepa husliv ivinter, men det er ikkje alle, som kan greida so fint å vera kjering, som eg. Han er slik ein teiknemakar, han Olav. Og det kan nok hende, det har voret bruk for ein målar ender å gong. Serleg er det no eit bilæte, som vart eit “[...] argebål”[7] for mange. Men eg lyt gjøyme eitkvart morosamt til å fortelja når me treffest att ein gong. –

– Det fyre brevet eg fekk frå deg, det store lange, slo ned kammen på meg stygt. Fyrr hadde eg gått og gledt meg so smått; men då eg fekk det, såg det ut til, den store gjilde plan, eg steglad upp åt deg, var gåt reint i vasken. Men det er den piskende dø forgod til. – Desse stakkars, lumpne, daude pengarne som altid skal taumkjøre folk! Og som altid skal halda i stjerten på ein, so ein alder kjem av flekken! – Igår var eg uppå hjå ’om Pål Bergje og sporde, um han ikkje kunde skaffe deg fri skule til vintrast. Han trudde knapt, det let seg gjera fyrste vinteren, sa han; men du skulde likvel peisa på å skriva ei dugeleg ansøgning (på norsk) åt Schrøder. Det kunde snart hjelpa, og det kostar ikkje meir å freista. Eg veit nok, at skilling er godt som bøvergjeld der uppi dalom no, men eg vonar no likvel, at um du på nokon sett held vis kan laga det soleids, so klorar du deg avsted. Ja det er no ikkje berre fordi eg trugar deg held, at du skal kome ned og halda meg med selskap; men eg veit, at du har “alle mulige betingelser” for å gjera deg so stort gagn av kostnaden som få andre. – ikkje å nemna alle desse fynske og sjællandske grundtvigske “hjærtelige” mulæslarne, som kjem hit i haugetal. Brennsteikjingen er det ikkje 50 % såpkokaremne med i laget –. Og so vil du få so hæderleg bruk for den kunskap, du fær for pengarne, sjølv når du spenner i att med garden, for du fekk nok litet tid tilovers til å halda hus med ungdomen ikring deg, veit eg. Du går nok og murrar med at du er forgamal til å taka ut soleids; men det er klår, idelegt tullsnakk. – Schrøder stærde reint upp att meg ein dag, han sa, sterkaste, sundaste og beste mandomen låg umlag imillom 25de – 50de år. – Når du so kjem heim att og fær vyrkje dit på glid, so lyt du, som au er noko av ein juristicus attåt, til å lirka og gjera nokot i husmannsgreida. Å jau, eg veit nok det er ikkje enkeltmannsverk å greida den hespilen, men fyrr nokon tek til å mæla på, kan det held ikkje koma nokot ut av det. Eg veit ikkje um “Husmanden”[8] gjerer so myket her; eg trur no, det fyrst skal takast fatt på andre enden. Fyrst læra bønder og bønderungdom å forstå sit eige og andres beste. Eg kan no alder forstå meg på, at husmannssaki[9] skal liggje roleg i skuffa medan stemmeretssaki[10] og kyrkjelovsgreida[11] – det småtteriet skal ha fyrste retten. Solengje denne saki står som ho står, fær korkje husmenn held bønder – held som det på silkjemål heiter “det brede folk” – ein helse dag.

So fær det kulast so med desse att da denne gongen. Nei i .. hunden krepentere meg, er eg ikkje snart sist på tridje arkje. Ja eg lyt no tverrstane au da, for eg ætlad meg sonær til å sleppa med eit halvt ark. Ei forlovelshikstori lyt eg slengja med lell: Dotter åt Nutzhorn, ein 17 års gjentunge[12] vart igår trulovad med ein prestson[13], og no gjerer dei ikkje anna held går utanfor vindauga mit, det herkje, tett ihopklinte og kyssest og sleikjest, so eg står berre gulkar. Og so er det forlovelsgilde og flagding og meir [...], som tilhøyrer, so det berre knakkar etter.

– Det er morske ting til vakre vedr her no. Markje grønast og soli skjin varmt som midsumar. Idag var eg uti skogen her, og der, kan du tru, måltrosten “med alle hans svende” hadde det travelt. Og slik vårlukt og trelukt du. Eg knepte upp livstykkje og trøia mi og saup i meg meste eg kunde. Det er velsignad å hava ei stor sund bringe i slik lukt. Målet mit må du slett ikkje ransage so nøie. Det er ihopbrigda Heidalsmål, Åsens, og dansk, so det ser ut liksom ein væv sumarty med svart, kvitt og brunt garn i. Det skal reviderast fyrst eg fær høve til det. Tvo Skarve Eskimoer fylgjer med, men det er spellskjit. Eg ser ut, som eg skulde ha legjet som i 300 år og Åsmundstadn ser ut, som han netup hadde drepet folk. Eg har ei betre utgåve av meg ein no, men du vil nok helst ha både beisti.

Skriv snart. Helsing åt deg og dine frå ’om

Kristian.

Fotnoter

  1. Peer i auksjonsscena i Peer Gynt (1867) av Henrik Ibsen.
  2. Bo Bojesen.
  3. Højskolebladet melder 1. april at skulen slutta 30. mars, seks dagar før fastsett tid.
  4. Truleg Niels Christensen.
  5. Frå diktet "Paa Vidderne" (1860) av Henrik Ibsen.
  6. Uttrykk frå forteljinga "Han Kolbein Hausa" i Vossa-Stubba (1887) av Per Sivle.
  7. Uttrykk frå svensk, oftare djefulens argebål o.l. Prestgard bruker det fleire gonger i breva.
  8. Avis med undertittel "Blad for Husmenn og Tenarar paa Landet", utgjeven av Sjur Fedje. Kom ut på Lillehammer frå 1883, gjekk inn i Framgang i 1887.
  9. Gjeldande husmannslov var frå 1851. Eit privat framlegg i Stortinget i desember 1884 om betringar i lova førte ikkje til noko. Fedje i Husmanden agiterte mest for sjølvhjelp og sparing.
  10. Det var oppe både framlegg om allmenn stemmerett og stemmerett for alle skattebetalarar.
  11. Sentrale element i framlegget til ny kyrkjelov var valde sokneråd (av lekfolk) og ein friare bruk av kyrkjene, t.d. for tilreisande prestar og lekpredikantar. Moderate Venstre ønskte sokneråd, det reine Venstre var imot – dei frykta pietistisk meiningstvang, m.a. ved tilsetjing av prestar. Framlegget fall i Stortinget i juni 1887.
  12. Johanne von Nutzhorn.
  13. Aksel Appel.