Kjeldearkiv:1888-06-01 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. mar. 2019 kl. 14:30 av Jobr (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-06-01 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1.6.1888
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 41
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 1ste juni 1888.

Kjære Ivar!

Ja eg veit ikkje vi’are, kor eg skal begynde held slutte denne gongen. Men hellest skal breve’ vera so stutt, at det blir vist ikkje stort meir held begyndels og ende; alt som ligg der imillom vil eg hevle med, til eg kjem på norsk grunn. For det er siste kvelden, eg er i Askov i kveld, og dette er siste breve’, eg skriv frå Danmark. – Å jau det er likt seg: no kom enden fyrst her au, som han jamt plagar i “desso vær’ne”, og so er det ikkje an’ rå’ held gå attende å hogga i frå fyrsten.

– Straks skulen var slut, tok eg ut på arbei hjå lovsigemanna Anders Pedersen – lærar her i lov og ret – og som er gåreier ei go mil herfrå. Det var både for å klore ihop lite til reisepening og for å drygje av meg eit par måna, til eg nådde i sol og sumar og godt vêr. Eg låg ’ti selatye alt eg evla og vel so det, so det var synd segja, eg ikkje fekk møykt upp att skrotten min. Fyrst den 17 mai kom sumaren i ein einaste ruff, og skogen spratt og markjin kom seg. Og so kunde eg ikkje styre meg lenger. So vart eg onåug og ferdafus som sjelda førr. For det var halve verdi eg ha sett meg for å hjemsøge, ser du. Fyrst nedigjenom Slesvik kav åt Kiel, so åt Kjøpenhamn. Og ’om Jens Bek i Mellerup ha eg lova reint vist å gjeste på heimvegje. Derfrå skulde eg so upp ein sviptur i Vendsyssel; og so ha eg då eit heilt tabernakel fuldt av plan[e]r um å ransage Sverikje både på tvert og lengst etter.

Men “løvter” og “planer” det er ret eit [...] fro, som eg alder meir vil fåstast ved. Når det li’r so langt, ein ventar seg noko av deim so er det vorte berre skodd av altsaman. Juks og humbug og såpblæmo av heile smeisegreia. – Jau, pinsdagen[1] fløtte eg so hit upp att. Og dette 14 dågån ha eg brukt til å gjera feruge bøken mine på sløydskula, gjort ei slags skreppe av sekkje mine og skrivi av målsaga etter Begtrup[2]. Men no vart da enden, at eg ingor skapte rå fekk med reispening; meir held ka eg fekk lånt hjå klokkmakare idag, og so lyt eg snøypast beinaste og billigaste vegen heim att som ei an’ fyle bikkje. Ja um Kjøpenhamn kjem eg da. Dit stryk eg – med skjip frå Kolding – i morgo ti’legt og blir der i tvo, tri daga. Og der træffe eg felagen min frå i vinter – han Ola frå Stevns, og so slær vi tvo slampelag åt Kristiania; for han skal med heim og buskape i Heidal i sumar. Og i Kristiania ligg han Pålmobro’ netup i dei daga og sel gjeitost. Vi blir no heftan’ i nokre daga der kan eg tru, til han Pål er ferug; so dreg dei tvo norover; men eg kjøre åt Kongsberg og rangla so vestover åt Telemarken.

At eg ha vore ret lonsa i siste ti’om, det ha eg ikkje, for eg er alt anna held velnøgd med statuse mine etter tvau slike år. Og eg gruva for, at eg skal struke likso “vankundig” som eg kom; um eg au ha munast på sume slags vis. Nei eg ha gåt altfor lengje på skule du, berre høyrt og høyrt og høyrt og ingen slags “praksis” fåt. Ja ein kan no til sist høyra seg spent sprikkande hestedom, trur eg. I det mindste blir det heile ei skjaking hit og dit forutan “system”, ja det var are’ det “system”. – Det eg helst skulde, var å spytte i båe nævane, byrje på fyrsten att og ha lite praksis. –

Noko slikt som alt dette kjende eg ivinter au, da eg skreiv åt Ullmann og bau meg til å få undervise i oldnorsk, um det so var lite geografi og freiste fortelja einkvan islandsk sagastubben på skula hans til vintrast for fri kost og husvære; men det gjekk skjit, som eg nok tvilte på. Han vidste ingen ting um skulen sin tilvintrast; men istan’ so bau han meg friplass på målskula sine i sumar og det vø no både synd og skam og segja nei til di, tykte eg; og det kan au gjenne snart leggjast til eitkvart, når eg fyrst kjem upp der. – Soleis heng’ det ihop, at eg fer’ um Telemarken. Hellest blir det nok ikkje langt fikte, eg blir der eg, eg skal heim og trekkje lodd[3] ein gong sist i juli, høyre eg.

Ja eg gler’ meg til å koma åt Siljor ein snøggtur no, og eg fær ikkje folka meg til at[t] held eg, førr eg kjem på norsk grunn, fær tala norsk mål og fer’ast bland norske normenn. Eg går her ranka for meg sjøl millom ei tylt tvoskjillingsfilosofer, et meg tjuk og feit og slutta hellest både tala og tenkja. Men når eg kjem åt Siljor no, so vil [eg] klive uppå Skorvefjelle’, rengje ut og inn på meg og lufte meg dugeleg ut på alle si’o. Men rosine i pylsun blir det no fyrst når eg kjem uppå heimfjelle’.

– Ja det ser ut til å vera eit [...] plonder å vera bokskrivar au. Men at Blekastad’n, du, var skamfull nok til å bjo seg til umsetjing på dansk? Det var ei upphjelp for Våge-måle, som ha lag, det. – Ja no sit du vel der da og plukka “djæven brennsteikje” utur ’om “Jo Gjende” og pynta og pudsa og fila og slipa, so det ikkje skal rive i halse på “den moderne æstethik”. Men dølamåle’ lyt uppi dagen tislut, kor det so meir baskast; det er for vakkert og for gamalt og for godt til å liggja brak og la vestlenningen byde og råde over ka som skal g[j]elle for norsk mål og ikkje. Det er for rikt til å vera so fatikt “representert” som av eit par sekelgamle viso hans E. Storm.

Eg skreiv også idag åt Åsmundstai og formana han til, – når han var fri for skula – å unna seg med å skriva ferug “Kjørrin”[4] og “Våbenbraget” –

No skal rispetere meg dette vera siste åre eg si[t] i Askov; for det blir berre blandasmør “håkje som”. – Kan eg gjera deg nokor tenest i Kristiania so skriv åt Iver Knudsen, Lilletorve’ inna 9–10 juni. Hellest ligg det brev frå deg i Siljor når eg kjem der? Fortel so det nyaste um “I. g. d.”

Du ha vel ikkje fåt att det gamle skjindbreve frå rigsark?

Venleg helsing åt deg og dine

Kristian.

Bi berre til eg kjem åt Seljor[5], so skal eg “gje’ utur meg ein go sø”. –

Eg har ho Herborg Utne mistenkt for å ha skrivi “Hans og Margrete” i siste Lauvduskar.[6]

Fotnoter

  1. 21. mai.
  2. Den danske Sproglæres Benrad, utarbeidd på Askov, trykt første gongen i Kolding 1894 (24 sider).
  3. Verneplikta gjaldt menn frå landsbygda, men kven som skulle inn, vart avgjort ved loddtrekking sidan ikkje heile kullet trong å møte.
  4. Kanskje treskjeraren Estin Guttormsen Kjørn ("Kjørrin"), men truleg heller heidølen Hans Knutsson Harehaugen, omtala i O. Åsmundstad: Ovanum Helgefell, 1924, s. 38–40.
  5. Målskulen i Seljord byrja 24. juni og varte til 19. august.
  6. Prestgard gissar feil. Stykket var skrive av Rasmus Løland.