Kjeldearkiv:1891-04-26 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 22. nov. 2017 kl. 14:17 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1891-04-26 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 26.4.1891
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 72
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

26/4. 91.

Kristian!

Eg har høyrt, at du skal ha slutta med skulen og at du skal husere nere i bygden att. Enn um du da tok deg ein tur hit imorgon? Vi skal ha ein liten auksjon paa Snerle imorgon og saa skulde vi gaa dit og stire paa folke ei stund; sia fekk vi halde “synedrium”[1] her og slaa tia ihel paa likaste maaten. Ja, kan vi ikkje gjera det saa? – Hels Paal, at eg har faat tiend um, at baatane vore staar tjyrubrædde og ferduge til aa gaa av stabelen kva dag som helst; no har ikkje eg raad med aa kjøre deim og kanhende det er saa med Paalkarom au; men saa ventar fulla baatbyggjaren paa betalinga og den vøre eg ikkje huga til aa sende før det vart med ein av os “sjølve”, gud veit kvaslags arbeid han har gjort. Dersom du no kom nordover kunde eg faa høyre, um nogon av dei tvo Paalom har raad med aa kjøre baatane uppi Hedalen førre vaaronna og saa kunde eg faa sendt betalinga med deg i det høve. – Hans strauk kosen aat Amerika den 16de og vi gaar mestsom og reiknar dagane allesammen og stundar til det skal lie saalangt, vi kan faa høyre um han er væl framkomen. – Den 22de hadde vi møte i skulestyre og um utfalle har du truleg høyrt – vi fær fulla baade sak og bli ille likt attpaa vi, som dømde Brandsar’n av med live, kan eg tenkje meg. – For meg har denne vinteren gaat burt i ingenting; som jurymann og formann i skulestyre har eg vingla tia saa reint burt, at eg snaut har tent salt i maten. No skal eg til aa vera flittug, best det er; har leigt upp nogo gjeitrusk eg skal faa grovt mykje ost av isomar, og saa veit du eg skal freiste aa lokke burt i Bøneslia ein eller annan gamal jaalotte byskrullingen til somars. Aak ja, san, det er mange slags spekedase og skjillingen er ein bedrager, sa’n Guttorm Bjølstad, han hogde timber i Murudalen.

Og saa kjem du da!

Ivar.

Fotnoter

  1. Det høge rådet i Jerusalem (gr. synedrion, hebr. sanhedrin), særleg kjent frå forhøyret før korsfestinga.