Kjeldearkiv:1905-04-27 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 30. jan. 2018 kl. 09:07 av Gudmund Harildstad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1905-04-27 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 27.4.1905
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 125
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

27/4. 1905

Kjære Kristian!

Denne Lefsa som følgjer skulde daa vera “Kvartalsbrev”, men um du kan nytte de, er noko du sjøl fær avgjera – heile Hakka er nok forutta Liv og Ande, eit Bilæte av meg sjøl. Skulde de vera brukande, so tenkte eg aa sende 2 til fyrre Hausten der eg kunde faa med Skogsaki, Jordspursmaale og ei Side av Politikken: Arbeidarpolitikken og dertil de av Nytt som kunde vera verd aa melle um. Elles er eg vist ein uhendug Kar te aa “gebærde” meg i Dagspressen og um ikkje Breve høver, so maa du for all Ting ikkje tru, at eg furtar og set Skallen inn i Roi um du lyt smette de i Papirlaupen –. Heruppaa Kleivsætre er de no so fagert og stilt, at de kunde vore eit Paradis naar eg kunde kome væl over Ugreiune; kaldt er de nok fyrre Sol og etter, men slik rein Luft og klaar, vaarblaa Himil og so dei djupe Skuggar fraa Furuom utover den drivkvite Snjoen! De er enno vakrar i Fjelle dette Bele, en um Somaren. – Eg driv og er “literær” um Dagane: millom anna skal eg umsetja han Jo Gjende paa Vaagaamaal i ei Bok Th. Caspari har skrivi fraa Fjell-Live, “Vildren” heiter ho. Jo Gjende er ein av Hugufigurom og so har Caspari de Vete at han ikkje vil ha han gaa-ande aa tala Bymaal. Ifjor ved Jul kom eit norsk-norsk Julhefte, “Jolekvelden”[1] og de gjekk so godt, at dei alt i Januar, no sist, tok te aa emne paa eit te neste Jol. Aat di har eg skrivi eit Bidrag som Carl Berner har teikna 4, 5 Teikningor aat; no skal eg gje Stykkje mitt ei urimeleg nøgje, fin-fin Sletthøvling før Forleggjaren, Stenersen, fær de. Og i Slutten av Mai skulde eg vore inne i Byen at eit 3 Vekers Skeid med Ordboksarbeide. Arbeid er de soleis nokk av, kan du skyne.

Vert de noko av den Byferdi, skal eg sjaa te, aa sende deg nokre “faa Rader” med sama eg legg iveg.

Mange Helsingor fraa Mor, Paal, Iver og meg!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Redaktør 1904–06 Halvdan Koht, i 1907 Klaus Sletten, gjekk deretter inn.