Kjetil A. Flatin (1881–1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetil A. Flatin Foto: Ragnvald Nyblin

Kjetil Aslaksson Flatin (11.7.1881-16.6.1916) var folkeminnesamlar og lærar frå Seljord. Han gjekk to vintrar på Telemark folkehøgskule.Etter å ha vikariert i nokre år i ymse lærarpostar, vart han fast tilsett som lærar i heimbygda i 1915.[1] Han var medlem av sogenemnda i Seljord frå 1913 til han døydde i 1916.[2]

Han tok tidleg til å samle inn og skrive ned folkeminne. Fyrst vart segnene han samla inn, prenta som utklippsbøker i aviser. Seinare vart dei utgjevne som bøker.[3] Han gav ut Gamle hermennar fraa Telemork, og etter at han var død, kom slektssoga Rokkerova og Ættir fraa Selgjord.[3][1] Knut Liestøl skreiv om Kjetil A. Flatin at han «syner i bøkene sine baade vitskapleg sans og kunstnarhått» og vidare at han «var ein god forteljar og hev ein lett og livfull stil».[1]

Kjetil A. Flatin vart gift med Dordi Hallvardsdotter Aadalen i 1909. Dei hadde fire born.[1][4] Han var bror til folkeminnesamlaren og lokalhistorikaren Tov Flatin.[3]

Referansar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Norsk biografisk leksikon, bd. 4-1929, s. 158
  2. Tov Flatin; Seljord, bd. 1
  3. 3,0 3,1 3,2 https://snl.no/Kjetil_Aslaksson_Flatin
  4. Tov Flatin (1945): Seljord, bd. 2, s. 236. Utgjevar: Seljord kommune

Litteratur og kjelder