Kokse (båt)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ei kokse (Mal:Ndm. «ko’ks») eller prame (Mal:Ndm. «pra’m») er ein liten, flatbotna robåt hovudsakleg bruka til heimefiske, småærend og lett transport. Typiske særtrekk inkluderer spiss framstamn, akterspegel, flat botn med tverrbord og langsgåande kjøl, og eitt par tollepinnar. Botnen kan elles vera forsterka med eit langsgåande bord på kvar side av kjølen.
Geografisk sett er koksa vanleg på Nordmøre og i Fosen (kysten av Sør-Trøndelag fylke). Namnet kokse kjem frå sørsamisk guksie (uttala goksie i namdalssamisk), som elles tyder ei lita drikkeause av tre og med eitt skaft.
Galleri
- Ei kokse bygd av Jakob Halsnes frå Halsnesset under Hals på Tustna. Biletet er teke nedmed fjøra nedom Dalan under Hals på Tustna på Nordmøre. Vi ser Innerberg på andre sida av sundet.Foto: Olve Utne