Kristofer Lange

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. des. 2012 kl. 09:35 av Robert Øfsti (samtale | bidrag) (gjenreisingsarkitektane)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristofer Andreas Lange (født 6. september 1886 død 1977) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo i perioden 1915-1965.

Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole, Statens Håndverks- og kunstindustriskole, og i Berlin i åra 1909-1912, og arbeidde særleg med reguleringssaker. I 1920 vann han tevling om ny byplan for Bodø. Det var difor naturleg for BSR å engasjere han til å utarbeide byplan for Bodø og reguleringsplan for Rognan etter bombinga i 1940. Han tegna også eit par bygningar i Bodø: Godtemplarhuset i Storgata 56, for Avholdslosjen Nordens Klippe og Den gode vilje, 1944 -1948, og saman med Georg Greve tegna han Bankgata ungdomsskole i Bankgata 24. Bygninga vart planlagt i 1940, bygginga tok først til i 1946, og skolen vart innvia i 1949.

I Narvik tegna han Kolflaath-gården, ein forretningsgård i Kongensgate 42 i 1950-1951.

Blant hans arbeid elles kan særleg nemnast Nansenskolen (Villa Thallaug)på Lillehammer frå 1918, "Idrettens Hus” i Moss frå 1939, Horten kino frå 1936. I Oslo tegna han Sogn hageby (1920),Valkyrie plass T-banestasjon (nedlagt, men bevart) 1928, Sinsenbyen (saman med Th. Chr. Hauff - Lange sto for reguleringa, Hauff for bygningane) (1934-39), Majorstuen stasjon (Majorstuhuset)i 1930, og eit lite venteskur i betong på Slemdal stasjon. Han har også laga reguleringsplan for Nordre Nøtterøy.

Kilder og lenker

* Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur
* Norsk kunstnerleksikon. 1983-86
* biografi hos Store Norske Leksikon



Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.