Kristofer Sydnes: Forskjell mellom sideversjoner
(kategoriserer) |
|||
Linje 10: | Linje 10: | ||
*''Festskrift til Kristofer Sydnes på 80-årsdagen 6. august 1961''. Sunnhordland folkemuseum og sogelag, 1961. | *''Festskrift til Kristofer Sydnes på 80-årsdagen 6. august 1961''. Sunnhordland folkemuseum og sogelag, 1961. | ||
*Ola Høyland: Minneord. Sunnhordland årbok, 1961. | *Ola Høyland: Minneord. Sunnhordland årbok, 1961. | ||
{{DEFAULTSORT:SYDNES; KRISTOFER}} | |||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori:Kongens | [[Kategori:Kongens fortjenstmedalje i gull]] | ||
[[Kategori:Venstrepolitikere]] | [[Kategori:Venstrepolitikere]] | ||
[[Kategori:Avholdsfolk]] | [[Kategori:Avholdsfolk]] |
Sideversjonen fra 3. okt. 2014 kl. 10:04
Kristofer Sydnes (fødd 1881 i Kvinnherad, død 1961) var fødd på Sydnes i Fjelberg, Kvinnherad kommune. Etter folkeskulen gjekk han ein vinter på amtskulen i Fitjar, og 1901 tok han eksamen ved Stord lærarskule. I 1902 vart han lærar i Suldal kommune, 1908 i Etne kommune og i 1912 i Vikebygd i Vindafjord kommune, der han var lærar til han slutta læraryrket i 1946. Han var formann i ungdomslag, fråhaldslag og mållag i Vikebygd i mange år, og med i heradstyret og formann i skulestyret i over tjue år. Han også var med i styret for Hordaland Venstre, formann i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og med i styret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, og i åtte år med i styret for Norske Museers Landsforbund.
Sydnes var redaktør for fråhaldsbladet Sunnhordlendingen i elleve år, skreiv bøkene «Tiltak og arbeidsliv i Sunnhordland» I og II, og historikken kring stoppestadane til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Han skreiv jubileumssoga til fleire samskipnader, og var ein flittig medarbeidar i ymse blad.
Han kom tidleg med i arbeidet for å oppretta eit museum i Sunnhordland. Han var formann i Sunnhordland folkemuseum og sogelag (det noverande Sunnhordland Museum) i 47 år, frå det vart oppretta og fram til 1960, og var skriftstyrar for 42 årgangar av Tidsskriftet Sunnhordland (Sunnhordland Årbok).
Kristofer Sydnes fekk kongens fortenestmedalje i gull og vart utnemnd til riddar av St. Olavs orden.
Kjelder og litteratur
- Festskrift til Kristofer Sydnes på 80-årsdagen 6. august 1961. Sunnhordland folkemuseum og sogelag, 1961.
- Ola Høyland: Minneord. Sunnhordland årbok, 1961.