Kulthaug støl (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2013 kl. 12:06 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kategorisplitting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stølen Kulthaug låg på Ustaoset i Hol kommune. Ved gardssyn på Slåtta, Ustedalen, i 1746 var Kulthaug nemnd blant stølane som høyrde til garden. Det vart då registrert to buer på Kulthaug. Ola Hermoson søre Slettemoen eigde Slåtta frå 1767, men selde garden i 1783. Det ser ut til at han heldt att Kulthaug, som sidan har vore langstøl til søre Slettemoen. I 1913 selde Mikkel Olson søre Slettemoen fleire hundre mål av eigedomen til stasjonsmeistar Elias Mossige. Mikkel la ned stølen med to vollar i 1927, men rydda seg ein ny støl, Sisseldalen, lenger sør og nærare nyevegen. Det fins i dag (2012) reistar etter fleire steinbuer og steingjerder i området.

Litteratur

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3 og 7.