Kvinnelista i Skjåk 1928

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mar. 2012 kl. 12:59 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Kvinnelista i Skjåk 1928.''' Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste i tillegg til listene for Bondepartiet og det årets småbrukar- og...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste i tillegg til listene for Bondepartiet og det årets småbrukar- og arbeidarliste (Venstre/Radikale Folkeparti og Det norske arbeidarpartiet).

Kvinnene på lista var desse:

Ved valet fekk ikkje lista ei einaste røyst. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Rettare er det venteleg likevel å sjå det som ein demonstrasjon. Kandidatane sjølve og eventuelle sympatisørar var alle på det reine med at å røyste på lista ville vere bortkasta. Blant dei seks kvinnene var det ivrige talskvinner for alle dei tre politsike hovudretningane i bygda: Bondepartiet, Radikale Folkeparti og sosialistane. Dei ønskte neppe å svekke sine eigne parti, men ville tydeleggjere for all verda kor fullstendig mannsdominert politikken var på den tida. Det kom ikkje kvinner inn i kommunestyret i Skjåk før i 1948.

Dei seks kandidatane på kvinnelista må alle kunne kallast respekterte og markante personlegdomar. Dei gjorde seg gjeldande på kvar sine samfunnsområde, og dei hadde bakgrunn i høgst ulike sosiale og politiske miljø. Dei var vaksne damer også av alder, den yngste var 28 år gammal, dei to eldste nærma seg 50.

Guro Tråstad (fødd 1891) var organist og særs ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid.

Tora Bræk (fødd 1878) var bondekone og særs politisk interessert. Ho var dotter til nynorskforkjemparen og venstretilhengaren Ola Skjåk Bræk. Ho sjølv sokna også etter alt å dømme fyrst til Venstre, men seinare til Bondepartiet.

Torø Hørven (fødd 1893) arbeidde som kontorist for ymse verksemder og i kommuneadministrasjonen. Ho var elles ein populær prologskrivar ved ungdomsstemner og alle slags andre festlege høve, og ho var ein ettertrakta toraderspelar til dans på ungdomshusa. Ho var familiært og i innstilling tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Radikale folkeparti-folk der svogeren hennar, Amund I. Odden, og bonden Ola Aanstad stod sentralt.

Tea Kummen (fødd 1893) var lærar og kjend barnebokforfattar.

Live Moen (fødd ) og Ragna Viken (fødd 1900) kom frå familiar som var tett knytta til den etter måten nye sosialistiske rørsla i bygda, og dei to var sjølve kjende for sterkt politisk engasjement på den same sida.