Kvinnelista i Skjåk 1928

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. mar. 2012 kl. 17:09 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.

Kvinnelista i Skjåk 1928 Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste i tillegg til listene for Bondepartiet og det årets småbrukar- og arbeidarliste (Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet).

Kvinnene på lista var desse:

Ved valet fekk lista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Rettare er det venteleg likevel å sjå det som ein demonstrasjon. Kandidatane sjølve og eventuelle sympatisørar var alle på det reine med at å røyste på lista ville vere bortkasta. Blant dei seks var det ivrige talskvinner for iallfall to av dei politiske hovudretningane i bygda: Venstre/Radikale Folkeparti og sosialistane, kanskje også for Bondepartiet, men det er meir usikkert. Kvinnene på lista ønskte neppe å svekke sine eigne parti, men ville tydeleggjere for all verda kor fullstendig mannsdominert politikken var på den tida. Det kom ikkje kvinner inn i kommunestyret i Skjåk før i 1948.

Dei seks kandidatane på kvinnelista må alle kunne kallast respekterte og markante personlegdomar. Dei gjorde seg gjeldande på kvar sine samfunnsområde, og dei hadde bakgrunn i høgst ulike sosiale og politiske miljø. Dei var vaksne damer også av alder, den yngste var 28 år gammal, dei to eldste nærma seg 50.

Guro Tråstad (fødd 1891) var organist og særs ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho kom frå ein bondefamilie, men politisk tilknyting er uvisst.

Tora Bræk (fødd 1878) var bondekone og særs politisk interessert. Ho var dotter til nynorskforkjemparen og venstretilhengaren Ola Skjåk Bræk. Ho sjølv sokna også etter alt å dømme fyrst til Venstre, seinare kanskje til Bondepartiet, men dette er dårleg dokumentert.

Torø Hørven (fødd 1893) arbeidde som kontorist for ymse verksemder og i kommuneadministrasjonen. Ho var elles ein populær prologskrivar ved ungdomsstemner og alle slags andre festlege høve, og ho var ein ettertrakta toraderspelar til dans på ungdomshusa. Ho var familiært og i innstilling tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Radikale folkeparti-folk der svogeren hennar, Amund I. Odden, og bonden Ola Aanstad stod sentralt.

Tea Kummen (fødd 1893) var lærar og kjend barnebokforfattar. Ho også tilhøyrde gardbrukarsjiktet, men utan at politisk innstilling er dokumentert.

Live Moen (fødd 1879) og Ragna Viken (fødd 1900) kom frå småbrukar-/arbeidarfamiliar som var tett knytta til den etter måten nye sosialistiske rørsla i bygda, og dei to var sjølve kjende for sterkt politisk engasjement på den same sida.

Kjelder og litteratur

Mal:F3