Kvinnelista i Skjåk 1928

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. mar. 2012 kl. 19:41 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Bilete. Tekstjusteringar.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.

Kvinnelista i Skjåk 1928 Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste i tillegg til listene for Bondepartiet og det årets småbrukar- og arbeidarliste (Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet).

Kvinnene på lista var desse:

Ved valet fekk lista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Rettare er det venteleg likevel å sjå det som ein demonstrasjon. Kandidatane sjølve og eventuelle sympatisørar var alle på det reine med at å røyste på lista ville vere bortkasta. Blant dei seks var etter alt å dømme to av dei politiske hovudretningane i bygda representert: Venstre/Radikale Folkeparti og sosialistane. Kvinnene på lista ønskte neppe å svekke sine eigne parti, men ville tydeleggjere for all verda kor fullstendig mannsdominert politikken var på den tida. Det kom ikkje kvinner inn i kommunestyret i Skjåk før i 1948.

Dei seks kandidatane på kvinnelista må alle kunne kallast respekterte og markante personlegdomar. Dei gjorde seg gjeldande på kvar sine samfunnsområde, og dei hadde bakgrunn i høgst ulike sosiale og politiske miljø. Dei var vaksne damer også av alder, den yngste var 28 år gammal, dei to eldste nærma seg 50.

Guro Tråstad (fødd 1891) var organist og særs ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho kom frå ein bondefamilie, men partipolitisk standpunkt er uvisst.

Tora Bræk (fødd 1878) var bondekone og politisk interessert, men heller ikkje for hennar del er det dokumentert korleis ho stilte seg politisk. Ho var dotter til nynorskforkjemparen og venstretilhengaren Ola Skjåk Bræk, og ein viss affinitet til Venstre, eventuelt Bondepartiet er rimeleg å gjete på.

Torø Hørven (fødd 1893) arbeidde som kontorist for ymse verksemder og i kommuneadministrasjonen. Ho var elles ein populær prologskrivar ved ungdomsstemner og alle slags andre festlege høve, og ho var ein ettertrakta toraderspelar til dans på ungdomshusa. Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Radikale folkeparti-folk der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare stod sentralt, saman med grannane og omgangsvenene Ola Aanstad og sonen Kristen.

Tea Kummen (fødd 1893) var lærar og kjend barnebokforfattar. Ho også tilhøyrde gardbrukarsjiktet. Ho var ivrig talsmann for landsmålet, og kom i den saka i direkte konfrontasjon med tonegjevande personar i Bondepartiet, og det er ikkje urimeleg å gjete på at ho også var orientert mot Venstre.

Live Moen (fødd 1879) og Ragna Viken (fødd 1900) kom frå småbrukar-/arbeidarfamiliar som var tett knytta til den etter måten nye sosialistiske rørsla i bygda. Ragna fekk seinare tillitsverv i Arbeidarpartiet.

Kjelder og litteratur