Kyrkjestugu (Lesjaskog)
Kyrkjestugu vart truleg bygd i 1872[1] som eit kyrkjelyds- og kommunehus dels for Lesjaskog soknekommune og for Lesjaskog kyrkje. Området her vart frå gamalt kalla Øverlismoen, og kyrkja vart som kjent flytt hit i 1855. Men ho var ikkje oppvarma, og det er tradisjon om at ho nesten ikkje var til å halde ut i i den kalde årstida, folk måtte både trampe i golvet og slå floke under gudstenesta.[2]
Huset var opphavleg bygd i ei høgd og to rom. Ho kom frå Brandlie, og vart oppsett på nedsida av den gamle riksvegen, som framleis gjekk over Kyrkjebakken. Han vart flytt i 1888. På vestsida vart det bygd inntil inngang og sval. Utanfor vart det sett opp utedo.
Sist på 1870-talet skal Kyrkjestugu ha vore bruk som «fyrste skulehuset i bygda».[3]
Først på 1900-talet bygde Lesjaskogens Indremisjonsforening på ein etasje på huset, Kyrkjestugusalen, som bedehus. Her vart det halde søndagsskule, yngresmøte, konfirmasjonsførebuing, vekkingsmøte, 17. mai-feiring og øving i sang og musikk.
I 1968 var stugu såpass dårleg at noko måtte gjerast. Ei nemnd vart nedsett, og planarbeidet starta. Det var snakk om å flytte huset fleire stader, men etter synfaring med Riksantikvaren i 1981 vart det fastslege at stugu må sjåast på som eit kulturminne og burde bli ståande der ho stod. Det vart følgd opp, grunnmurane vart forbetra og påbygget på
Kjelder o litteratur
- Bjølverud, Bjarne 1984: Lesjaskog gamle og nye kyrkjestugu i Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog s. 22-30.
- Einbu, Audun 1991: «Lesjaskog gamle og nye Kyrkjestugu». I Lesjaskog kyrkje 300 år 1697-1997 Digital versjon på Nettbiblioteket side 79-83.
- Skotte, Ola og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna. Lesja kommune Digital versjon på Nettbiblioteket
- Mølmen, Karl O. 1933: Jehans Niklasson Kvam eller Gamel-Kvammin i Årbok for Dølaringen s. 87.