Lars Eldevik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eldevik sin 80-årsdag. Han sit til venstre, medan vi ser sønene Sigmund og Leif til høgre.

Lars Eldevik (fødd 17. juni 1860 i Davik i Nordfjord, død 4. desember 1952) var lærar og lokalpolitikar, engasjert i mellom anna landsmålssaka, ungdomslagsarbeid og lokalhistorie. Han verka lengst i Davik, der han var ordførar i to år, og på Nes på Hedmarken.

Bakgrunn og familie

Han vaks opp på garden Eldevik i Davik, i noverande Vågsøy kommune. Foreldra var bonde Jørgen Larssen og Marthe Aleksandersdatter. Lars Eldevik var gift med lærarinna Sigrid Samsonsdatter Midnes (1857-1928) frå Ullensvang. Kona var dotter av Samson Larsen og Synneva Larsdatter. Lars og Sigrid Eldevik fekk sønene Sigmund (1888-?) og Leif (1890-1959).

Davik

Eldevik tok eksamen ved Tromsø lærerskole i 1879, og arbeidde deretter to år som lærar i Måsøy kommune. Frå kring 1881 til 1900 var han tilsett i skulen i heimbygda Davik, og der sat han mellom anna 13 år i formannskapet. I to år var Lars Eldevik ordførar i Davik.

I november 1899 gjekk det ut eit opprop i avisene i Sunnfjord og Nordfjord med oppmoding om å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje. Eldevik og to andre lærarar frå Davik var mellom dei som skreiv under.

Nes

Rundt 1900 flytta han og familien til Austlandet, der han vart tilsett som lærar ved Dæhli skole på Nes. På Dæhli var det òg ganske mykje lærarjord, som Eldevik-familien fekk tilleggsutkomme frå. I folketeljinga for 1910 er sonen Leiv titulert som agronom, som «arbeider ved gaardsbruket». Lars Eldevik var dessutan skulestyreformann på Nes i ni år.

Som pensjonist vart Lars Eldevik den fyrste formannen i Nes historielag, som vart stifta 15. februar 1930. Eldevik og historielaget arbeidde særleg med Nes bygdebok, band I, som kom ut som to bøker i 1943 og 1944. Det var meininga at Eldevik sjølv skulle vere hovudforfattar av band II, gards- og slektshistoria, men i 1944 overlet han manuskriptet til styret, utan at boka var fullført. Eldevik var då 84 år gammal.

Han døydde i 1952, og vart gravlagd på Stavsjø kirkegard.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket