Lars K. Ødegaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stølsområde ved Ruken på Ustaoset, Hol kommune.
Foto: Lars K. Ødegaard/Hol bygdearkiv

Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.

Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen.

Han gjekk i fotolære hjå Theodor Larsen i Tønsberg og arbeidde ei tid hjå fotograf Ludvig Forbech (1865-1942) i Kristiania. I 1907 starta han med portrettfotografering ved sida av lærarjobben, og i skuleferiane sykla han rundt med fotoutstyret og tok bilete av landskap og folkeliv. Ein del av desse vart til prospektkort. I Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge er han omtalt som ein "halvprofesjonell og nokså lokal fotograf", men det står også at "han fikk laget mellom 800 og 1000 gode kort i tiden fra 1909 ril 1932".[1] Det er flest bilete frå Hallingdal, men også frå mellom anna Finse, Ulvik, Numedal og Valdres. Nokre av glasplatene etter Lars gjekk tapt i brann på Skåterudmoen, men resten finst i Hol Bygdearkiv. Fotoutstyret er i Hallingdal Folkemuseum sitt eige.

Lars gifta seg med Kari Dokken frå Nes, og paret fekk fire born, mellom anna Hildur som vart telegrafbestyrar i Nes og som også gjekk i fotolære. Familien budde fyrst på garden Dokken, deretter på Skåterudmoen, før dei i 1926-27 flytta til Bjerringgården i sentrum av Nesbyen. Her fekk Lars innreidd fotoatelier og -forretning.

Ødegaard ga i 1925 ut boka Hallingdal i tekst og billeder på eige forlag. (Mal:Bokhylla).

Sjå også

Referansar

  1. Vennlig hilsen - postkortets historie i Norge, s. 40

Kjelder

Eksterne lenkjer



Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Lars K. Ødegaard er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.