Lars Utne: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(legger til opplysningar og set inn overskrifter)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 6: Linje 6:


== Liv og virke ==
== Liv og virke ==
 
{{thumb|Harald Hårdrådes plass Oslo 2012 bauta.jpg| Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på [[Harald Hårdrådes plass]] i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.|[[Bruker:Stigrp|Stig Rune Pedersen]] (2012)}}
Lars Utne lærte først frå [[Lars Kinsarvik]], seinare studerte han ved [[Den kongelige tegneskole]], og han oppheldt seg òg eitt år i [[Paris]] og åtte år i [[Berlin]], der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.  
Lars Utne lærte først frå [[Lars Kinsarvik]], seinare studerte han ved [[Den kongelige tegneskole]], og han oppheldt seg òg eitt år i [[Paris]] og åtte år i [[Berlin]], der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.  


Linje 22: Linje 22:


== Kjelder ==
== Kjelder ==
{{thumb høyre| Harald Hårdrådes plass Oslo 2012 bauta.jpg| Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på [[Harald Hårdrådes plass]] i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.|[[Bruker:Stigrp|Stig Rune Pedersen]] (2012)}}
* [http://www.krus.com/kunst/kunstnere/utne.html «Lars Utne»] frå nettsidene ''Kunstnere i Akershus''.
* [http://www.krus.com/kunst/kunstnere/utne.html «Lars Utne»] frå nettsidene ''Kunstnere i Akershus''.
* {{WP-lenke|Lars Utne|nn}}
* {{WP-lenke|Lars Utne|nn}}

Sideversjonen fra 30. jan. 2023 kl. 18:28

Lars Utne er gravlagd ved Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Lars Utne (fødd 24. november 1862 i Midttun i Utne i det noverande Ullensvang herad, død 8.august 1922 i Asker) var bilethoggar.

Familie

Lars Utne var son av bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–1889) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Han vart gift i 1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (1867–1927), ekteskapet oppløyst i 1899, deretter i 1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (1869–1954). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.[1]

Liv og virke

Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik, seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin, der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.

I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Han står og bak dei to messingløvane på trappa innafor inngangen hjå Høyesteretts hus. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.

Utne var overlærar ved Den kongelige kunst- og haandverksskole i Kristiania, der han sjølv hadde studert då det heitte Den kongelige tegneskole.

Ettermæle

Lars Utne er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit portrettrelieff av han.

Referansar

  1. Lars Utne i folketeljinga 1910 for Asker herred frå Digitalarkivet.

Kjelder