Lars Utne
Lars Utne (1862–1922) var ein bilethoggar frå Utne i det noverande Ullensvang herad i Hardanger. Lars Utne lærte først frå Lars Kinsarvik; seinare studerte han ved Den kongelige tegneskole, og han oppheldt seg òg eitt år i Paris og åtte år i Berlin der han mellom anna arbeidde med utsmykning av Riksdagsbygninga.
I Noreg er han først og fremst kjend for utsmykningane til Nationaltheatret i Oslo. Skulpturen «Gutten med beltet» er rekna som det viktigaste enkeltverket hans. Lars Utne sitt bronserelieff av kong Harald III Hårdråde på Harald Hårdrådes plass i Gamlebyen i Oslo vart avduka i 1905.
Han var overlærar ved Den kongelige kunst- og haandverksskole i Kristiania, der han sjølv hadde studert då det heitte Den kongelige tegneskole.
Han var gift med Ragnhild Utne f. Qvam (f. 1869). I folketeljinga 1910 finn vi dei med ein son og ei dotter på Haugsdal i Asker.[1]
Han er gravlagd ved Vestre gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit portrettrelieff av han.
Referansar
- ↑ Lars Utne i folketeljinga 1910 for Asker herred frå Digitalarkivet.
Kjelder
- «Lars Utne» frå nettsidene Kunstnere i Akershus.
- Lars Utne på Wikipedia på nynorsk
- Lars Utne i Historisk befolkningsregister.