Leirmo bru

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. jun. 2011 kl. 06:13 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Leirmo bru''' (''Leirdøla bru'') er bruene over elva Leirdøla ved Leirmo nedre del av Jostedalen. Leirmo ligg i Gaupne sokn i Luster kommune i [...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Leirmo bru (Leirdøla bru) er bruene over elva Leirdøla ved Leirmo nedre del av Jostedalen. Leirmo ligg i Gaupne sokn i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Hovudvegen inn til Jostedalen går over Leirmo, og det har valda store problem å byggje ei sikker bruk på grunn av flaumane i Leirdøla som kjem frå Tunsbergdalsbreen, ein arm av Jostedalsbreen inst i Leirdalen.

Fram til 1900 var det ei enkel over Leirdøla ved Leirmo. Ho vart teken i ein flaum 6. august 1906. Det vart no løyvt pengar til og laga planar for ei ny jarnbru, men anlegget vart aldri ferdig. Ein flaum i august 1903 øydela både dei nye vegstubbane og den provisoriske brua. I 1906 stod så ei steinkvelvingsbru med 16 meter bruspenn ferdig.

Det utenkjelege skjedde likevel alt i 1926. Den 14. august tok ein ny flaum også den nye steinkvelvingsbrua. Etter dette vart det bygt ei stålfagverksbru som framleis står. Arbeidet vart påbyrja hausten 1933, og brua var ferdig i 1934.

Ei ny betongbjelkebru rett nedanfor stålbrua vart bygd i 1975 i samband med bygginga av Leirdøla kraftverk og Tunsbergdalsdamen då den gamle brua var for veik og smal for anleggstrafikken. Denne kraftutbygginga har òg redusert flaumfaren i Leirdøla monaleg.

Litteratur