Leiv Dyrhaug: Forskjell mellom sideversjoner
(setter inn faksimile) |
(→Kjelder og litteratur: kategoriar) |
||
Linje 19: | Linje 19: | ||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
[[Kategori:Lektorer]] | [[Kategori:Lektorer]] | ||
[[Kategori:Lokalpolitikere]] | |||
[[Kategori:Venstrepolitikere]] | |||
[[Kategori:Fødsler i 1912]] | [[Kategori:Fødsler i 1912]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 2000]] | [[Kategori:Dødsfall i 2000]] | ||
[[Kategori:Drammen kommune]] | [[Kategori:Drammen kommune]] | ||
[[Kategori:Nord-Odal kommune]] | |||
[[Kategori:Sandefjord kommune]] | [[Kategori:Sandefjord kommune]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 20. sep. 2023 kl. 12:48
Leiv Dyrhaug (fødd 1. november 1912 i Skoger i noverande Drammen kommune, død 11. november 2000 i Sandefjord) var lektor. Foreldra var lærar og kyrkjesongar Thomas Dyrhaug og Eli Haugen. Han var gift med Tordis Sveen (1912–1977) frå Elverum.
I 1920 budde han med foreldra i Nord-Odal. Faren var folkeskulelærar, og dei budde i Sagstua der vi i dag finn Sagstua skolemuseum.
I 1939 tok han norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo, med tysk og fransk som støttefag. Han var lektor i Levanger frå 1941 til han vart avsett av tyskarane 1. januar 1942. Han flytta da til Nord-Odal der han arbeidde med ei tysk-nynorsk ordbok. Offisielt var han "gårdsgutt".
Frå 1946 og fram til han vart pensjonist, var han lektor ved Sandefjord gymnas. Han var formann i Folkeakademiet og sat ein periode i bystyret for Venstre.
Hovudarbeida hans er Tysk-nynorsk ordbok (1946) og omsetjinga av Soga om røykdølane (1981). Han skreiv eit par lokalhistoriske artiklar i tidsskriftet Solør-Odal.
Kjelder og litteratur
- E-post frå sonen Tore Dyrhaug mars 2018.
- Norges filologer og realister. 1950.
- Sandefjords Blad 1979.11.02. 19791102. Digital versjon på Nettbiblioteket. Artikkel om Dyrhaugs fratreden som lektor.
- Leiv Dyrhaug i Historisk befolkningsregister.