Lesja prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Frå 1747 skulle sokneprestane i Lesja og Tynset skifte på å halde gudstenester i kyrkja i Folldalen, og Øvre Folldal vart etter kvart rekna som annekssokn under Lesja. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld som Dovre prestegjeld.

Prestegjeldet har desse kyrkjene:

Eldre kyrkjer, sjå Stavkirker_i_oppland.

Prestgarden (opphavleg namn: Hov) ligg like nedafor Lesja kyrkje.

Prestar i Lesja prestegjeld fram til 1724:

  • Orm prest var vitne ved gardhandel i 1326.
  • Gudbrand Gunnarsson nemnt som prest i Lesja i 1400 og 1417.
  • Erik Olafsson nemnt som prest i Lesja ca 1450. Var prest på Fron før han kom hit.
  • Olaf Jakobsson var prest i 1491.
  • Olaf Jonsson Korne («Kånne») var i tenest frå før 1521 til ca 1556 og var siste katolske og fyrste protestantiske presten i Lesja. Etter Stockflet skulle han vera bondeson frå Stor-Tande.
  • Svein var neste prest, kring 1560.
  • Jens Jensson Staby visstnok frå Ribe i Danmark, var prest her frå ca 1570 til 1602 da han vart prost i Gudbrandsdalen og prest i Øyer.
  • Jens Jensson d.y. vart prest etter far sin fram til han døydde i 1639.
  • Sigvart Engebretsson Munk frå Storhove i Fåberg (ca. 1590-1694) kom som huskapellan i 1636, styrte kallet frå 1639 og vart utnemnt til sokneprest i 1641. Døydde i Lesja 1694, 104 år gamal ifølgje Hiorthøy
  • Kristen Kristens. Gammelgård (ca 1642-1731) overtok ifølgje Ivar Kleiven som sokneprest etter Munk i 1670. Men ifølgje Hiorthøy var Gammelgård kapellan heilt til Munk døydde, før han vart sokneprest frå 1695 til han gjekk av i 1724 og flytte til ei dotter i Gran og til sist til ei anna på Frisvoll i Romsdalen.

Kjelder

Litteratur