Lesjaskog bank- og kommunehus: Forskjell mellom sideversjoner
({{nn}}) |
(koordinatfesting) |
||
Linje 16: | Linje 16: | ||
[[Kategori:Lesja kommune]] | [[Kategori:Lesja kommune]] | ||
[[Kategori:Rådhus]] | [[Kategori:Rådhus]] | ||
{{artikkelkoord|62.23306433|N|8.35537911|Ø}} | |||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 21. mar. 2016 kl. 20:16
Lesjaskog bank- og kommunehus vart bygd kring 1930 som eit samarbeidsprosjekt mellom Lesjaskog soknekommune og Lesjaskog sparebank. I 1927 sette soknestyret av midlar til oppføring av eit kommunehus for Lesjaskog sokn, og i 1928 vart sokne- og bankstyret samde om å føre opp eit felles hus for den kommunale verksemda og bankverksemda.
Huset vart oppført med tømmermaterialer gjeve av gardbrukarane i soknet. I reine pengar kosta huset kr 29.495 da det stod ferdig i 1931. Det første heradsstyremøtet vart halde her 12. januar 1932.
I huset var det i første høgda banklokale i fram til ca 1995, deretter rekneskapskontor. I nokre år var det òg telefonsentral her. I andre høgda var det fest- og møtesal og sjukepleiarhusvere. Banken kjøpte huset i 1972 og gjorde andre høgda om til leilegheit for direktøren.
Kring 1995 vart huset seld til private.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn 1987: Bygdebok for Lesja bd. 1. Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen s. 308 og 312.
- Skotte, Ola og Sigurd Einbu 1949: Lesja. Litt frå den kommunale soga 1838-1938 og ymse anna. Lesja kommune s. 144ff.