Lesjaskog sentrum

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. sep. 2009 kl. 15:01 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lesjaskog sentrum''' eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av sentrumsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå om med Skulemus...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av sentrumsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå om med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt i 1987) til og med Lesjaskog skule.

Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar.

Vi veit i alle fall at den første faste buplassen her var Mølme, litt lenger vest for vassenden og vest for Mølmsåe, vart rydda eit av dei fyrste tiåra på 1700-talet. Garden var da husmannsplass under Øverlie. I 1795 kjøpte brukaren Mølme til sjølveige, og på den tida var det etablert gjestgjevarverksemd på plassen. Det er kanskje grunnen til at kornmagasinet for soknetr vart plassert her.

I 1855 vart så kyrkja som før stod ved jernverket flytt til tomt rett ovafor Mølme, if i 1872 vart Kyrkjestugu bygd som kommunehus og etter kvart fastskule.

I 1909 vart Lesjaskog sparebank stifta.

Med jernbaneanlegget og bygginga av Lesjaskog stasjonskaut utviklinga fart.

I 1928 vart det bestemt å bygge felles bank- og kommunehus.

Litteratur