Lesund bedehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Lesund bedehus.
Foto: I. Bakk (2012).

Lesund bedehus, "Eben Eser" (hebraisk, tyder 'hjelpesteinen'), var eit kristeleg forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset er bygd i tre, og vart tidlegare bruka til kristeleg møteverksemd, basarar o.l. I desember 2020 vart huset seld til ein privat kjøpar.


Historikk

I 1933 gjorde årsmøtet i Lesund kristelege ungdomslag vedtak om at det skulle byggjast bedehus på Lesund. Tomt vart gjeve vederlagsfritt frå eigarane av garden Kiplesund; Hans og Guri Kiplesund.

I september 1940 tok den tyske okkupasjonsmakta over huset. Dei heldt til i huset til mars 1945. Tyskarane betalte 50 kroner pr. månad i leige. Dei raserte mykje av inventaret i huset.

I 1948 vart det det halde ein møtekampanje på Lesund med forkynnaren Marie Megård. Møta vart halde dels i private heimar, dels på bedehuset. Etter fjorten dagar braut det ut ei vekking, der både unge og eldre omvende seg til kristen tru.

Om huset

I reglane for bedehuset frå 1937 les vi mellom anna: "I huset må det ikkje vera dans, kortspel og teaterframsyningar, heller ikkje må det njotas rusdrykk". Og i paragraf 3: "Ukjende forkynnarar som reiser "fritt" og ikkje hev vitnemål frå prestar (...), fær ikkje halda møte i huset".

Til å byrja med var huset utstyrt med benker til sitjeplassar. I 1969 vart det gjort innkjøp av 60 stolar til bruk i storsalen. Same året fekk bedehuset eit trøorgel i gåve frå Borghild Kiplesund Røvik, og det gamle orgelet frå 1948 vart då bytta ut.

Kjelder

  • Protokoll for Lesund kristelege ungdomslag
  • 1. Samuelsbok, kap. 7, v. 12
  • Opplysningar frå Johannes Finset, Lesund