Lina Breck

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lina Breck (fødd i Skjåk 5. april 1858, død i Oslo 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i Drammen. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som faglært og offentleg autorisert profesjon. Da ho tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i landet som hadde gjort det. Lina Breck sitt val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på hennar bakgrunn som bondejente frå ei noko avsides fjellbygd på den tida. Og ho var ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval.

Bakgrunn og familie

Lina Breck var fødd og oppvaksen på Nedre Brekk, ein mellomstor gard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Rasmus Rasmusson Bræk (29.08.1810–21.10.1871) og Lene Sylfestsdotter Bræk (fødd 1815). Ved sida av å vere gardbrukar var faren lærar og kyrkjesongar. Morsslekta skal i følgje ein nevø av Lina ha vore «gamle gode haugianere» med vestlandsbakgrunn.[1]

Lina var den yngste av ni sysken, fødde i tidsrommet 1837–1858. Lista nedanfor viser eit oppsiktsvekkjande spenn i yrkesval og livsbane i syskenflokken.[2]

  1. Torgeir (1837–1915). Lærar og prest. Cand. theol. 1867.
  2. Rasmus (1840–). Målar (handverkar) i København.
  3. Sylfest (1842–1931). Pianostemmar, instrumentmakar og pianoforhandlar i Kristiania.
  4. Rolv (1844–1920). Overtok foreldregarden.
  5. Hans (1847–1903). Tannlege. Eksamen 1882. Endra etternamn til Aurlie 1882. Praksis m.a. i København og Oslo.
  6. Syver (Sylvester) (1850–). Tannlege. Eksamen 1882. Utvandra til Russland og/eller Finland.
  7. Kristoffer (1853–1919). Folkeskulelærer i Kragerø og Kristiania.
  8. Gudbrand Julius (1855–1938) Tannlege. Eksamen 1878. Praksis i Drammen og Oslo.
  9. Lina (1858–1948) Tannlege. Eksamen 1883. Praksis i Moss, Oslo og Drammen.

Særleg legg ein kanskje merke til at ikkje mindre enn tre av brørne i likskap med Lina vart faglærde tannlegar. Dei fire syskena slutta seg såleis til ei yrkesgruppe som alt i alt var ganske fåtalig på den tida. I tidsrommet 1872–1899 var det i alt 202 personar som tok tannlegeeksamen, av desse 24 kvinner. Berre fire av dei kvinnelege tannlegane hadde fedrar som var bønder og/eller folkeskulelærarar.[3]

Lina Breck levde ugift.

Skulegang og fagopplæring

Referansar

  1. Studenterne fra 1889 (1914) Ragnvald Lexow-Breck
  2. Utgangspunkt er Ættebok for Skjåk bd. 1 s. 27, med tilføyingar og korrigeringar frå ei rekkje andre kjelder.
  3. Johansen, I.M. 2021 s 35 og 40

Kjelder og litteratur