Ludvig Daae (1786–1831): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Cnyborg flyttet siden Ludvig Daae (1786-1831) til Ludvig Daae (1786–1831): tegnsetting i tittel)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''[[Ludvig Daae (1786–1831)|Ludvig Daae]]''' (fødd 26. november 1786 i [[Leikanger]], død 6. desember 1831 i [[Lærdal]]) var sokneprest i Sogn. Han voks opp i [[Leikanger]] som eldste son av sokneprest [[Anders Daae]] og Anne Sophie Heiberg, som var prestedotter frå Sogndal.  
'''[[Ludvig Daae (1786–1831)|Ludvig Daae]]''' (fødd 26. november 1786 i [[Leikanger]], død 6. desember 1831 i [[Lærdal]]) var sokneprest i Sogn. Han voks opp i [[Leikanger]] som eldste son av sokneprest [[Anders Daae (1758–1816)|Anders Daae]] og Anne Sophie Heiberg, som var prestedotter frå Sogndal.  


Daae gjekk [[Bergen latinskole]] 1805-07, men byrja ikkje å studere i København før i 1809 på grunn av krigshendingane. Han vart cand.theol hausten 1812 og var frå 2. april 1813 personleg kapellan hjå faren i [[Leikanger]], frå 31. oktober 1814 residerande kapellan same stad.
Daae gjekk [[Bergen latinskole]] 1805-07, men byrja ikkje å studere i København før i 1809 på grunn av krigshendingane. Han vart cand.theol hausten 1812 og var frå 2. april 1813 personleg kapellan hjå faren i [[Leikanger]], frå 31. oktober 1814 residerande kapellan same stad.

Sideversjonen fra 25. okt. 2017 kl. 10:58

Ludvig Daae (fødd 26. november 1786 i Leikanger, død 6. desember 1831 i Lærdal) var sokneprest i Sogn. Han voks opp i Leikanger som eldste son av sokneprest Anders Daae og Anne Sophie Heiberg, som var prestedotter frå Sogndal.

Daae gjekk Bergen latinskole 1805-07, men byrja ikkje å studere i København før i 1809 på grunn av krigshendingane. Han vart cand.theol hausten 1812 og var frå 2. april 1813 personleg kapellan hjå faren i Leikanger, frå 31. oktober 1814 residerande kapellan same stad.

Daae vart vald til valmann for Leikanger ved fleire høve, fyrst i samband med valet til riksforsamlinga våren 1814 der 28-åringen var den yngste av dei 42 valmennene. Seinare var han iallfall valmann både i valet hausten 1814 og valet i 1815.

Daae vart utnemnt til sokneprest til Trondenes 13. april 1823, men overtok aldri kallet. Han vart verande i Sogn då han 2. juni same året fekk sokneprestembetet i Lærdal som han hadde til han døydde.

Daae gifte seg 4.2.1813 med Elise Benedicte Petersen (1793-1875) frå København. Dei fekk desse borna som voks opp:

  • Anders Daae (1814-1887), teolog
  • Jonas Ravn Daae (1822-1892), offiser
  • Anne Sophie Daae (f. 1824), ugift
  • Christopher Frimann Daae (1825-1893), teolog
  • Martha Daae (1826-1877), gift med Wilhelm Frimann Chrisie, kjøpmann i Kristiansund
  • Ludvig Daae (f. 1829), røyrleggjar i Kristiania
  • Elise Benedicte Daae (f. 1830), gift med sokneprest Hans Christian Nimb
  • Johan Christopher Haar (1832-1871), handelsmann i Kistiansund

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 37-38. (Digital utgåve).

Eksterne lenkjer