Lund (Skjåk): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 57: Linje 57:
== 1500-1800 ==
== 1500-1800 ==
Grenda vart gjenrydda i åra kring 1600. I den fyrste skattelista vi finn Lund nemnt, bygningsskatten 1604, er det to bruk i skatteklassen øydegardar der. Dei to gardbrukarane får vi namna på to år etter: Ågot og Endre. Ågot var moglegvis enkje. Iallfall var ho gardbrukar i eigen rett, og figurerer i listene i tidsrommet 1604-1629. Endre kjenner vi etter måten godt til. Han hadde ein son, Syver, som fekk ei tragisk skjebne. Han gjorde seg til drapsmann i eit bryllaup i Lom, rømde, men vart fakka tre år seinare og halshogd i 1631, og da er faren enno brukar i Lund. Endre finst også i futerekneskapa bøtelagd for å ha stukke grannen Ola med kniv.

Talet på skatteytarar og fordeling på skatteklassene varierer i skattelistene utover på 1600-talet. Truleg vart det før 1660 rydda fire bruk. I koppskattemanntalet 1645 er «øydegardsmennene» Ola, Amund, Knut og Jon nemnde.

== 1800-talet fram til vår tid ==
== 1800-talet fram til vår tid ==

Sideversjonen fra 2. sep. 2014 kl. 06:23

Lund
Skjaak Lundagrenda 2.jpg
Næraste garden (til høgre) er Nord i Lund, nedanfor (til venstre) ser vi Nedre Lund («Ne're»)og Eide, bortover mot Tøfte og Nigard Lund og til bureisingsbruk og villaer som Nordbu, Lunde o.fl. Heilt i bakgrunnen skimtar vi grenda Reppen, med Loms-Horrungen tronande over.
Alt. navn: Lundagrenda
Først nevnt: 1574 (Oslo og Hamar stiftsjordebok)
Rydda: Jernalderen?
Sokn: Skjåk
Fylke: Oppland
Kommune: Skjåk
Gnr.: 25, 26, 27, 28 pluss nokre bnr. under gnr. 61 og 30-33
Type: Namnegard, grend

Mal:Thumb høyreLund er ei grend og ein namnegard i Skjåk, ofte omtala som Lundagrenda, og gjerne nemnd under eitt med nabogrenda i aust som «Lund og Dalane». Lund er den vestlegaste grenda i Skjåk sokn på baksida (sørsida av hovuddalføret), rett overfor kommunesenteret Bismo på andre sida av Ottaelva. Grenda ligg ved foten av Tverrfjellet og er avgrensa i aust av tverrelva Skjøle, og i vest av åa Søre Juva, som også dannar soknegrensa mot Nordberg (Teigomsgrenda).

Grunneigedomane i grenda er inkluderte i gardsnummera 25, 26, 27 og 28 med «eigedomshistorisk tilfeldige» innslag av bruksnummer under gardsnummera 61 (Nordgard Ramstad) og 30-33 (dei fire Forbergs-gardane). Busetjinga i Lund går sannsynlegvis attende til førhistorisk tid, men med eit lengre avbrot i øydetida etter Svartedauden. Den eldste historia ligg rett nok mykje i mørker. Det eldste skriftlege kjeldebelegget er frå 1574.

Den gamle Ofossen mølle, kjend for produksjon av Skjåk-mjølet i vår tid, tilhøyrer denne grenda. Elles er jordbruket så å seie einaste næringsverksemda som blir drive i Lund. Lyrikaren Jan-Magnus Bruheim var fødd og oppvaksen i Lundagrenda, og han budde der i det meste av levetida si.

Landskapet

Området utgjer ei landtunge mellom Ottaelva, som renn gjennom hovuddalføret, og Skjøle, som kjem frå skog- og seterdalen Lundadalen. Den sentrale delen av Lund er dominert av eit ope jordbrukslandskap med fire litt større, gode gardar (Eide, Nord, Tøfte og Nigard Lund), omkransa av ei rad mindre gardsbruk og einebustader. Småbruka er dels tidleg utskilde sjølveigarbruk, dels tidlegare husmannsplassar og dertil nokre nyare bureisingsbruk.

I møtet mellom Ottaelva og Skjøla er landskapet prega av furumoar, og ved munningen av Lundadalen ligg store, skogkledde grus- og sandformasjonar, danna av bre- og elveavsetningar. Dette har danna grunnlag for eit stort sandtak. Ein god del av småbruka og bustadtomtene er rydda i desse utmarksstrekningane og i skogterrenget ved foten av Tverrfjellet vestover i grenda.

Namnegarden og matrikkelgardane

Dei fire gardane som låg i grenda fram til byrjinga av 1800-talet, er alle nemnde berre som «Lund» i skattematriklar og andre skriftlege kjelder. Det indikerer at Lund frå fyrst av utgjorde ei bustad- og driftseining, og som sidan har blitt oppdelt i dei fire matrikkelgardane som i dag har gardsnummera 25-28. Seinast frå og med matrikkelen 1838 har desse fire einingane fått eigne namn: Eide, Tøfte søndre, Tøfte nordre og Lund nordre. I denne matrikkelen og tidlegare hadde dei nummera 93-96 (løpenummer 183-189). Tre av dei fire gardane var i 1838 delte i to bruk med kvar sine løpenummer slik:

93 Eide

Lnr. 183 Eide. Brukar: Sylfest Olsen. (Nåverande gnr. 25.1 Eide)
Lnr. 184 Lund nedre. Brukar: Ole Iversen. (Nåverande gnr. 25.4 Nigard Lund)

94 Tøfte søndre

Lnr. 185 Tøfte søndre. Brukar Ole Rolfsens enke. (Nåverande gnr. 26.1 Søre Tøfte, kalla Myra eller Systun-Myra, som ikkje lenger eksisterer som sjølvstendig bruk)

95 Tøfte nordre

Lnr. 186 Tøfte nordre. Brukar: Isak Pedersen. (Nåverande gnr. 27.1 Tøfte)
Lnr. 187 Nord. Brukar: Sevald Sevaldsen. (Nåverande gnr. 27.2 Nord, som i dag også omfattar gnr. 28.1)

96 Lund nordre

Lnr. 188 Lund nordre. Brukar: Guttorm Arnesen. (Seinare kalla Øvre, inngått i nåverande Nord)
Lnr. 189 Utan namn, brukar eller eiga skyld i 1838 (sidan delt på Lund nordre (Øvre) og Horten)

Opphavshistoria

Lund er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1574, da ein part i garden er opplista i registeret over jord som tilhøyrde Vågåkyrkja. Tidspunktet og det kyrkjelege eigedomstilhøvet er klåre indikasjonar på at historia til garden skriv seg frå katolsk tid, og i så fall også frå før Svartedauden 1350, da det er usannsynleg med nyrydding der i øydetida. I bygdeboka er det gjete på at det har lege ei jordbruksbusetjing på staden frå jernalderen av. Namnet kan godt vere så gammalt, og ressurstilgangen i området, både for jordbruk og på den måten at det ligg strategisk til for rein- og elgfangst, gjer det rimeleg at Lund er fell i aldersklasse med Bøje, Skjåk og nokre andre stader som i bygdeboka blir utpeikte som dei eldste faste jordbruksbusetjingane i Skjåk.

1500-1800

Grenda vart gjenrydda i åra kring 1600. I den fyrste skattelista vi finn Lund nemnt, bygningsskatten 1604, er det to bruk i skatteklassen øydegardar der. Dei to gardbrukarane får vi namna på to år etter: Ågot og Endre. Ågot var moglegvis enkje. Iallfall var ho gardbrukar i eigen rett, og figurerer i listene i tidsrommet 1604-1629. Endre kjenner vi etter måten godt til. Han hadde ein son, Syver, som fekk ei tragisk skjebne. Han gjorde seg til drapsmann i eit bryllaup i Lom, rømde, men vart fakka tre år seinare og halshogd i 1631, og da er faren enno brukar i Lund. Endre finst også i futerekneskapa bøtelagd for å ha stukke grannen Ola med kniv.

Talet på skatteytarar og fordeling på skatteklassene varierer i skattelistene utover på 1600-talet. Truleg vart det før 1660 rydda fire bruk. I koppskattemanntalet 1645 er «øydegardsmennene» Ola, Amund, Knut og Jon nemnde.

1800-talet fram til vår tid

Kjelder og litteratur