Lund (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lund
Skjaak Lundagrenda.jpg
Næraste garden (til høgre) er Nord i Lund, nedanfor (til venstre) ser vi Nedre Lund og Eide. I bakgrunnen skimtar vi grenda Reppen.
Alt. navn: Lundagrenda
Først nevnt: 1574 (Oslo og Hamar stiftsjordebok)
Rydda: Jernalderen?
Sokn: Skjåk
Fylke: Oppland
Kommune: Skjåk
Gnr.: 25, 26, 27, 28 pluss nokre bnr under gnr. 61 og 30-33
Type: Namnegard, grend

Lund er ei grend og ein namnegard i Skjåk, ofte omtala som Lundagrenda, og gjerne nemnd under eitt med nabogrenda i aust som «Lund og Dalane». Lund er den vestlegaste grenda i Skjåk sokn på baksida (sørsida av hovuddalføret), rett overfor kommunesenteret Bismo på andre sida av Ottaelva. Grenda ligg ved foten av Tverrfjellet og er avgrensa i aust av tverrelva Skjøla, og i vest av åa Søre Juva, som også dannar soknegrensa mot Nordberg (Teigomsgrenda).

Grunneigedomane i grenda er inkluderte i gardsnummera 25, 26, 27 og 28 med «eigedomshistorisk tilfeldige» innslag av bruksnummer under gardsnummera 61 (Nordgard Ramstad) og 30-33 (dei fire Forbergs-gardane). Busetjinga i Lund går sannsynlegvis attende til førhistorisk tid, men med eit lengre avbrot i øydetida etter Svartedauden. Den eldste historia ligg rett nok mykje i mørker. Det eldste skriftlege kjeldebelegget er frå 1574.

Den gamle Ofossen mølle, kjend for produksjon av Skjåk-mjølet i vår tid, tilhøyrer denne grenda. Elles er jordbruket så å seie einaste næringsverksemda som blir drive i Lund. Lyrikaren Jan-Magnus Bruheim var fødd og oppvaksen i Lundagrenda, og han budde der i det meste av levetida si.

Landskapet

Området utgjer ei landtunge mellom Ottaelva, som renn gjennom hovuddalføret, og Skjøle, som kjem frå skog- og seterdalen Lundadalen. Den sentrale delen av Lund er dominert av eit ope jordbrukslandskap med fire litt større, gode gardar (Eide, Nord, Tøfte og Nigard Lund), omkransa av ei rad mindre gardsbruk og einebustader. Småbruka er dels tidleg utskilde sjølveigarbruk, dels tidlegare husmannsplassar og dertil nokre nyare bureisingsbruk.

I møtet mellom Ottaelva og Skjøla er landskapet prega av furumoar, og ved munningen av Lundadalen ligg store, skogkledde grus- og sandformasjonar, danna av bre- og elveavsetningar. Dette har danna grunnlag for eit stort sandtak. Ein god del av småbruka og bustadtomtene er rydda i desse utmarksstrekningane og i skogterrenget ved foten av Tverrfjellet vestover i grenda.