Lund (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lund
Skjaak Lundagrenda.jpg
Næraste garden (til høgre) er Nord i Lund, nedanfor (til venstre) ser vi Nedre Lund og Eide. I bakgrunnen skimtar vi grenda Reppen.
Alt. navn: Lundagrenda
Først nevnt: 1574 (Oslo og Hamar stiftsjordebok)
Rydda: Jernalderen?
Sokn: Skjåk
Fylke: Oppland
Kommune: Skjåk
Gnr.: 25, 26, 27, 28 pluss nokre bnr under gnr. 61 og 30-33
Type: Namnegard, grend

Lund er ei grend og ein namnegard i Skjåk, ofte omtala som Lundagrenda, og gjerne nemnd under eitt med nabogrenda i aust som «Lund og Dalane». Lund er den vestlegaste grenda i Skjåk sokn på baksida (sørsida av hovuddalføret), rett overfor kommunesenteret Bismo på andre sida av Ottaelva. Grenda ligg ved foten av Tverrfjellet og er avgrensa i aust av tverrelva Skjøla, og i vest av åa Søre Juva, som også dannar soknegrensa mot Nordberg (Teigomsgrenda).

Grunneigedomane i grenda er inkluderte i gardsnummera 25, 26, 27 og 28 med «eigedomshistorisk tilfeldige» innslag av bruksnummer under gardsnummera 61 (Nordgard Ramstad) og 30-33 (dei fire Forbergs-gardane). Busetjinga i Lund går sannsynlegvis attende til førhistorisk tid, men med eit lengre avbrot i øydetida etter Svartedauden. Den eldste historia ligg rett nok mykje i mørker. Det eldste skriftlege kjeldebelegget er frå 1574.

Den gamle Ofossen mølle, kjend for produksjon av Skjåk-mjølet i vår tid, tilhøyrer denne grenda. Elles er jordbruket så å seie einaste næringsverksemda som blir drive i Lund. Lyrikaren Jan-Magnus Bruheim var fødd og oppvaksen i Lundagrenda, og han budde der i det meste av levetida si.

Landskapet

Området utgjer ei landtunge mellom Ottaelva, som renn gjennom hovuddalføret, og Skjøle, som kjem frå skog- og seterdalen Lundadalen. Den sentrale delen av Lund er dominert av eit ope jordbrukslandskap med fire litt større, gode gardar (Eide, Nord, Tøfte og Nigard Lund), omkransa av ei rad mindre gardsbruk og einebustader. Småbruka er dels tidleg utskilde sjølveigarbruk, dels tidlegare husmannsplassar og dertil nokre nyare bureisingsbruk.

I møtet mellom Ottaelva og Skjøla er landskapet prega av furumoar, og ved munningen av Lundadalen ligg store, skogkledde grus- og sandformasjonar, danna av bre- og elveavsetningar. Dette har danna grunnlag for eit stort sandtak. Ein god del av småbruka og bustadtomtene er rydda i desse utmarksstrekningane og i skogterrenget ved foten av Tverrfjellet vestover i grenda.

Namnegarden og matrikkelgardane

Dei fire gardane som låg i grenda fram til byrjinga av 1800-talet, er alle nemnde berre som «Lund» i skattematriklar og andre skriftlege kjelder. Det indikerer at Lund frå fyrst av utgjorde ei bustad- og driftseining, og som sidan har blitt oppdelt i dei fire matrikkelgardane som i dag har gardsnummera 25-28. Seinast frå og med matrikkelen 1838 har desse fire einingane fått eigne namn: Eide, Tøfte søndre, Tøfte nordre og Lund nordre. I denne matrikkelen og tidlegare hadde dei nummera 93-96 (løpenummer 183-189). Tre av dei fire gardane var i 1838 delte i to bruk med kvar sine løpenummer slik:

93 Eide

Lnr. 183 Eide. Brukar: Sylfest Olsen. (Nåverande gnr. 25.1 Eide)
Lnr. 184 Lund nedre. Brukar: Ole Iversen. (Nåverande gnr. 25.4 Nigard Lund)


94 Tøfte søndre

Lnr. 185 Tøfte søndre. Brukar Ole Rolfsens enke. (Nåverande gnr. 26.1 Søre Tøfte, kalla Myra eller Systun-Myra, som ikkje lenger eksisterer som sjølvstendig bruk)


95 Tøfte nordre

Lnr. 186 Tøfte nordre. Brukar: Isak Pedersen. (Nåverande gnr. 27.1 Tøfte)
Lnr. 187 Nord. Brukar: Sevald Sevaldsen. (Nåverande gnr. 27.2 Nord, som i dag også omfattar gnr. 28.1)


96 Lund nordre

Lnr. 188 Lund nordre. Brukar: Guttorm Arnesen. (Seinare kalla Øvre, inngått i nåverande Nord)
Lnr. 189 Utan namn, brukar eller eiga skyld i 1838 (sidan delt på Lund nordre (Øvre) og Horten)