Magnhild Bakkebø Roti
Magnhild Bakkebø Roti (fødd 2. august 1911 i Straumsnes, død 2. mai 2008 i Fjaler) var lærar og lokalpolitikar.
Under lærarutdanninga vart ho sjuk og måtte ta eit opphald, men ho fullførde og jobbe som lærar fleire stader i Sogn og Fjordane.
I 1953 vart ho gift med presten Gustav Roti. Han var prest i Hardanger. Etter seks år flytta dei til Jostedal, og dei siste elleve åra som prest hadde han i Jølster. I Luster sat Magnhild Roti i kommunestyret for Kristelig Folkeparti, og ho var både leiar i skulestyret og varaordførar. I Jølster kom ho òg inn i kommunestyret for KrF. Ved sidan av politikken var ho òg aktiv i fråhaldsrørsla og misjonsarbeid.
Ho var interessert i lokalhistorie, og både skreiv og heldt foredrag om dette. Det siste ho skreiv til årsskriftet til Fjaler sogelag, nokre månader før ho døydde, var ei skildring av i jonsoknatt på Straumsnes rundt åtti år tidlegare, då ho som ung jente dansa med Jacob Sande og diskuterte debutboka hans, Svarte næter. Ho har teke bilete som er i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si fotosamling.
Som pensjonistar flytta dei til Vårdal, der dei budde til Gustav Roti døydde i 1985. Magnhild Roti fekk då bygd seg hus på sin gamle heimstad, Bakkebø på Straumsnes. Som pensjonist engasjerte ho seg mellom anna i Fjaler Pensjonistlag og i Fjaler eldreråd.
Ho er gravlagd på Holmedal kyrkjegard.
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Magnhild Bakkebø Roti på Digitalt museum.
- Magnhild Bakkebø Roti på KulturNav
- Magnhild Bergitte Bakkebø Roti i Historisk befolkningsregister
- Ness, Atle Lyngstad: «Eit rikt liv er til ende» i Firda 2008-05-21. Mal:Bokhylla.
Magnhild Bakkebø Roti er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |