Magnhild Bakkebø Roti

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnhild Bakkebø Roti (fødd 2. august 1911 i Straumsnes, død 2. mai 2008 i Fjaler) var lærar og lokalpolitikar.

Under lærarutdanninga vart ho sjuk og måtte ta eit opphald, men ho fullførde og jobbe som lærar fleire stader i Sogn og Fjordane.

I 1953 vart ho gift med presten Gustav Roti. Han var prest i Hardanger. Etter seks år flytta dei til Jostedal, og dei siste elleve åra som prest hadde han i Jølster. I Luster sat Magnhild Roti i kommunestyret for Kristelig Folkeparti, og ho var både leiar i skulestyret og varaordførar. I Jølster kom ho òg inn i kommunestyret for KrF. Ved sidan av politikken var ho òg aktiv i fråhaldsrørsla og misjonsarbeid.

Ho var interessert i lokalhistorie, og både skreiv og heldt foredrag om dette. Det siste ho skreiv til årsskriftet til Fjaler sogelag, nokre månader før ho døydde, var ei skildring av ei jonsoknatt på Straumsnes rundt åtti år tidlegare, då ho som ung jente dansa med Jacob Sande og diskuterte debutboka hans, Svarte næter. Ho har teke bilete som er i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane si fotosamling.

Som pensjonistar flytta dei til Vårdal, der dei budde til Gustav Roti døydde i 1985. Magnhild Roti fekk då bygd seg hus på sin gamle heimstad, Bakkebø på Straumsnes. Som pensjonist engasjerte ho seg mellom anna i Fjaler Pensjonistlag og i Fjaler eldreråd.

Ho er gravlagd på Holmedal kyrkjegard.

Kjelder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Magnhild Bakkebø Roti er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.